Feirar fredsprisen – snart 80 år etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki
Den 6. og 9. august 1945 blei dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki nærmast utsletta då fly frå USA sleppte to atombomber over byane.
Denne saka var først publisert hos Framtida Junior.
Den japanske organisasjonen Nihon Hidankyō fekk årets Nobels fredspris og blir feira 10. til 11. desember. Dei vart oppretta i 1956 for å hjelpe offera etter atombombene som råka byane Hiroshima og Nagasaki.
Organisasjon har også jobba for nedrusting av atomvåpen. Leiaren av organisasjonen, Toshiyuki Mimaki, overlevde bombinga av Hiroshima som treåring.
Han seier ifølgje NRK at han aldri kunne drøymt om å vinne fredsprisen. I 2025 er det 80 år sidan USA brukte atombomba mot Japan.
Mellom 150 000 og 246 000 menneske vart drepne av dei to atombombene. I tillegg har dei som overlevde bombene og etterkommarane deira, slite med seinskadar som kreft og misdanningar.
Fredsprisen blir delt ut i Oslo 10. desember.