Synest du alt er tungt og trist no? Slik kan du ta vare på deg sjølv

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du merkar at kvardagen er tung, så kanskje nokre av desse råda kan hjelpe:

1: Hald på rutinar

Prøv å passe på at du får nok søvn, et godt og får litt aktivitet i kvardagen. Gå deg ein tur i ein park eller i nærområdet for å få litt frisk luft.

2: Ta deg ein pause frå nyheiter og scrolling

Det er bra å vere oppdatert på nyheitsbilete, men det kan verte for mykje. Det er lov å setje si eiga psykiske helse først, og ta ein pause frå stadige oppdateringar på alt som føregår i verda. Sameleis med sosiale medium.

Om du merkar at det tærar på deg, og du vert trist, uroa og overvelda – ta deg litt fri.

(Eventuelt kan du oppsøke positive nyheiter, som Verdens Beste Nyheter som løftar fram framsteg i verda!)

3. Planlegg positive aktivitetar

Det treng ikkje vere store greier: lag fredagstaco midt i veka, sjå ein film du likar eller gå ein tur med ein venn for å kjøpe ein is. Om vêret tillet det, ta deg ein dukkert eller ta med deg ei god bok i ein park!

Om du treng inspirasjon til kva seriar du kan sjå når kvardagen er trist, sjekk ut denne lista over seriar for deg som treng eit lystig avbrekk! Om du ikkje har sett Heartstopper enno, kanskje no er tida? – Heartstopper er rett og slett ein hjartevarmande serie, skreiv Luca Ovedia F. Amundsen i si seriemelding.

Eller kanskje du skal lese ei humoristisk bok? Dette er nokre av bøkene forfattarane i spalta I bokhylla har fortalt fekk dei til å le:

Omslag: Tiden, Cappelen Damm, Samlaget, Forlaget Oktober. Kollasj Framtida.no

4. Ikkje ver for streng med deg sjølv

Du har lov til å vere lei deg, du har lov til å vere forbanna og du har lov til å vere oppgitt. Du har òg lov til å synest at alle kjenslene vert litt mykje og kjenne behov for å kople av frå dei.

5: Snakk med nokon

Anten det er vennar, familiemedlemmar eller organisasjonar: snakk med nokon om korleis du har det. 

Fleire nasjonale organisasjonar som til dømes Mental Helse Ungdom har også lokallag som held til i nærleiken av der du bur, med treffstadar om du vil møte nokon fysisk.

Om du vil snakke med nokon profesjonelle, så finst der mange du kan ringe til eller chatte med som kan gje deg råd eller eit lyttande øyre:

Hjelpetelefon for mental helse
(heile døgnet) – 116 123
Sidetmedord.no

Mental Helse Ungdom
Chat (måndag til torsdag, kl. 18-21): mentalhelseungdom.no/vare-lavterskeltilbud/chat/
Lokale møteplassar:

Kirkens SOS
(heile døgnet) – 22 40 00 40
Chat: www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30

Angstringen
(man-tor 10 – 13) – 22 22 35 30

Barneombudet
(man – fre 8-15) – 22 99 39 50

Kors på halsen (Røde Kors)
(man – fre 14-22) – 800 331 21

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge


Gabriel Clark syner fram Ukraina-bollen han har laga. Foto: Instagram @clarkie_woodwork