Seriemelding: Heartstopper – Aldri sett ein serie som framstiller skeive problemstillingar betre

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heartstopper er ein av dei få seriane som verkeleg har sett seg i hjarta mitt.

Serien handlar om Charlie, ein 16 år gamal gut som er ope homofil på skulen og som har gått gjennom mange ulike utfordringar rundt orienteringa si, og Nick på 17 år som sakte blir meir og meir glad i Charlie og slit med å finne ut av si eiga legning.

Saman går dei gjennom eventyret av å møtast, bli kjend, utvikle eit venskap og så sakte utvikle eit forhold. I tillegg til hovudkarakterane så møter vi fleire relasjonar rundt dei som gjer at det er nesten umogleg å ikkje forelske seg i historia.

Nokre av dei beste augeblinkane i serien er nok dei som omhandlar kommunikasjon, som dagen etter at Nick og Charlie har kyssa for fyrste gong og Nick stressar over at han ikkje veit kva legning han har. For meg er det så viktig å ha med scenar som dette som framhevar kor viktig kommunikasjon er, uavhengig av relasjon.

Når sant skal seiast ligg mesteparten av svakheitene i at serien er kort, og ikkje i historia. Eg saknar fleire scenar med venskapen til Charlie, Tao og Isaac, ein lengre bli-kjent fase og ei meir av problematikken kring mental helse, som den grafiske romanen rommar. Hadde episodane vore eit kvarter lenger, eller eventuelt fleire episodar så trur eg det kunne ha romma så mykje meir av det eg saknar.

Aldri har eg sett ein serie som framstiller skeive problemstillingar på ein betre måte

Aldri har eg sett ein serie som framstiller skeive problemstillingar på ein betre måte. Realistisk, rørande og nydeleg er nok dei beste orda eg kan bruke for å skildre denne serien.

Alice Oseman som skreiv den originale grafiske romanen, har gjort ein fantastisk jobb med serien. Utvalet av skodespelarar er også ubeskriveleg godt gjort, her er det snakk om å bruke skodespelarar som faktisk representerer karakterane, ikkje berre plukke ut dei beste til rolla.

Du har Yasmin Finnley som er transkvinne, Kizzy Edgell som er ikkje-binær og i tillegg er alle skodespelarane nært i alder til karakterane. Ikkje berre gjer dette at serien er meir truverdig, men den vert spelt av unge som sjølve har forståing for handlinga dei skal framstille.

Personleg kjenner eg meg igjen i fleire av problemstillingane som det å kome ut, føle at eg vart behandla annleis etter eg kom ut og det å definere meg sjølv, ikkje for andre sin del, men for min eigen. Det å sjå på ein serie som eg kan kjenne meg igjen i har vore så godt, å sjå skodespelarar med same kjønnsidentitet gir meg motivasjon til å fortsette å stå på og ikkje vere redd for å vere den eg er.

Eit stort håp eg har er at denne serien kan hjelpe mange unge skeive med å bli kjende med seg sjølve og tørre å ytre kven dei er, for det er noko eg trur den hadde gjort for meg om den kom ut for 10 år sidan då eg sjølv stod med usikkerheita som eit hinder.  

Foto frå serie-versjonen av «Hjertestopper», Foto: Rob Youngson/Netflix

Alice sin grafiske roman har kome litt lenger enn kva serien gjorde, og eg kan seie med stor tryggleik at om det skulle kome ein sesong to på Netflix så sit eg klar den augneblinken dei slepper episodane.

Heartstopper er rett og slett ein hjartevarmande serie som eg håpar inspirerer sjåarar til å vere sann mot seg sjølv, men også andre direktørar til å tørre å filmatisere fleire viktige temaar som det å vere skeiv.

Skulle du falle like hardt for serien som eg gjorde og ikkje heilt vil vente på ein sesong to, så anbefaler eg deg å støtte Alice Oseman med å kjøpe romanen hennar.

Ho fortener det etter å ha skrive eit så ubeskriveleg viktig og fortryllande magisk verk, for så å gje det endå meir liv på skjerm, eg bukkar djupt for deg, Alice.

Skal du sjå serien?

Skal du sjå serien?

Ja!29
Nei154
Veit ikkje13
Har sett han76
Svar totalt: 272

Les også innlegget om Fantastic Beasts: The secrets of Dumbledore– Ein skulle kanskje ikkje tru at det å stryke seks sekund frå ein film kunne endre veldig mykje.

For det kinesiske publikummet har Warner Bros fjerna dei to linjene «Because I was in love with you» og «The summer Gellert and I fell in love», begge sagt av skodespelaren Jude Law. Foto: Warner Bros/ SF Studios