Blackpool-spelaren er den første mannlege fotballspelaren i England sidan 1990 som fortel at han er homofil medan han framleis er aktiv.
mm

– No kjenner eg meg klar til å berre vere meg sjølv, vere fri og vere sjølvsikker, seier Jake Daniels til Sky Sports, som først omtalte saka.

17-åringen er fotballproff i Blackpool, som spelar i tredje divisjon i den engelske ligaen.

Denne veka vart han den første mannlege, aktive fotballproffen i England som fortel at han er homofil på over tretti år.

Den einaste andre som har gjort det same er Justin Fashanu i 1990, ifølgje den engelske TV-kanalen.

Trudde det var umogeleg å verte proff som homofil

I intervjuet med Sky Sports fortel Daniels at han var fem-seks år gammal då han først forstod at han var homofil. Men han trudde ikkje det var mogeleg å verte fotballproff som homofil.

Han trudde han måtte teie om kven han var og vente med å kome ut til han hadde lagt fotballskoa på hylla, for ingen andre spelarar i den profesjonelle engelske ligaen er ute.

– Det å vere homofil, bi eller skeiv i herrefotball er framleis eit tabu. Eg trur det handlar om at mange fotballspelarar har lyst til å verte kjende for maskuliniteten sin. Og folk ser på det å vere homofil, som å vere svak, noko du kan verte mobba for på fotballbana, seier han til Sky Sports.

No håpar 17-åringen at ein spelar i Premier League også vågar stå fram.

Sjå intervjuet med Jake Daniels her:

– Ein enormt viktig dag i engelsk fotball

I timane etter han fortalde verda at han er homofil, flauma sosiale media over med støtteerklæringar og lovord – både frå fotballverda og utanfor.

Gary Neville, ekspertkommentator og tidlegare Manchester United-spelar, hyllar 17-åringen, og seier at han sjølv har brukt mange år i fotballgarderobar og veit at det krev enormt mot.

– Dette er ein enormt viktig dag for Jake og for familien hans, men òg for engelsk fotball. Dette er ein dag for historiebøkene. Eit stort, stort augeblikk som betyr enormt mykje, sa han til Sky Sports.

Sjølv prins William tok til Twitter for å kommentere:

– Fotball bør vere ein idrett for alle. Det Jake har gjort krev mot og vil forhåpentlegvis bidra til å bryte ned barrierar som ikkje høyrer heime i samfunnet vårt, skreiv han.

Dette er berre nokre av reaksjonane som har kome etter at Daniels stod fram. TRYKK PÅ BILETE SÅ VERT DET STØRRE.

Håpar å inspirere andre

Jake Daniels fortel at han først fortalde mora og systera si at han er homofil, før han var open med storfamilien og seinare lagkameratane.

Dagen etter han kom ut til mora og systera, spelte Blackpool kamp mot Accrington. Då skora Daniels fire mål:

– Det viser berre kva for ei bør som vart letta frå skuldrene mine. Det var ein enorm lette.

Daniels seier han er klar over at han òg kjem til å møte homofobi, men at han ikkje vil late seg påverke av det.

– Eg håpar at ved å kome ut, så kan eg vere eit føredøme og hjelpe andre kome ut om dei vil. Eg er berre 17, men eg er klar på at dette er det eg vil. Om det at eg kjem ut gjer at andre ser til meg og føler at kanskje dei kan gjere det same, så hadde det vore strålande.


Skjermdump frå videoen der Josh Cavallo kjem ut som homofil.

LES OGSÅ

ANNONSE