Megan Rapinoe om transforbod i idrett: – Støttar inkludering av transpersonar 100 prosent

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 19.08.2022 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre i 2022 har minst seks amerikanske statar innført lover som stenger transjenter ute frå å delta i idretten som jenter. I 2021 innførte åtte statar liknande forbod.

I eit intervju med Time Magazine seier den amerikanske fotballprofilen Megan Rapinoe at ho støttar inkludering av transpersonar 100 prosent.

Vi snakkar om barn. Vi snakkar om folk sine liv. Vi snakkar om at heile statsapparatet slår ned på eitt barn i somme statar, tre barn i somme statar. Dei tek sine eigne liv, fordi dei vert fortalde at dei er ekle og annleis og vonde og syndige, og dei kan ikkje delta i sport med vennane dei vaks opp med.

Hundrevis av lovforslag som er anti-LHBTQI+

Fjoråret var det dødelegaste året for transpersonar i USA noko sinne, men 2022 ligg an til å verte endå verre. Allereie i mars hadde meir enn 300 anti-LGBTQ+-lover vorte introduserte i USA i år, og meir enn 130 av dei retta seg mot transpersonar.

– Det direkte resultatet av desse lovforslaga er at når dei vert vedtekne, så tek dei vekk ting som vi veit heng saman med betra mental helse og minka sjølvmordsrisiko: å delta på eit idrettslag, å sjå deg sjølv representert i eit klasserom, å verte akseptert av foreldra dine og helsevesenet.

Det sa Sam Ames frå den ideelle organisasjonen The Trevor Project til CBS News tidlegare i år.

Ifølgje tal frå 2021 frå The Trevor Project melde 94 prosent av LHBTQ-ungdom at politiske avgjersler påverka den mentale helsa deira negativt.

62 prosent av skeiv ungdom melde om symptom for alvorleg depresjon dei siste to vekene, medan det same gjaldt 2 av 3 transungdomar og ikkje-binære ungdomar.

42 prosent av LHBTQ-ungdom hadde vurdert å ta sitt eige liv det siste året. 52 prosent av transungdom og ikkje-binær ungdom hadde vurdert det same.

– Vi må starte frå inkludering, punktum

Til Time seier Rapinoe, som har vunne Ballon d’Or Féminin og har både OL-gull og to VM-gull i troféskapet sitt, at ho trur debatten om transpersonar sin plass i idretten er prega av at mange ikkje veit kva dei snakkar om:

– På det høgste nivået er det reguleringar. I college-idretten er det regulering. Og på det olympiske og det profesjonelle nivået. Det er ikkje noko fritt fram der alle berre gjer kva som helst, seier ho til det amerikanske magasinet.

Ho meiner det er på tide å ta eit steg tilbake og innsjå kva det er snakk om, for liv står i fare.

– Vis meg beviset på at transkvinner tek alle sine stipend, dominerer i alle idrettar og vinn kvar tittel. Beklagar, men det skjer berre ikkje. Så vi må starte frå inkludering, punktum, seier Rapinoe.


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro