Toppfotballspelar: – Eg har kjempa imot seksualiteten min

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er fotballspelar, og eg er homofil.

Josh Cavallo. Foto: Dailyausfootball/wikimedia

Midtbanespelaren Josh Cavallo (21) har kome ut som skeiv, og er dimed den einaste aktive, mannlege toppspelaren i verda som er open homofil.

Det melder The Guardian, som er blant fleire internasjonale media som har omtalt saka.

Dette vart gjort kjend gjennom klubben hans, Adeleide United, sine sosiale medium-kanalar. Dei har også lagt ut ei offentleg støtteerklæring.

– Eg vil at alle spelarane mine skal føle seg komfortable og lukkelege med å vere seg sjølve, både på og av bana, seier trenar Carl Veart i ei uttaling.

Cavallo ynskjer å inspirere og vise at det er greit å vere seg sjølv, å vere skeiv og spele fotball. Han vil vise andre som slit og er redde, at dei må vere seg sjølve.

Utslitt av å leve eit dobbeltliv

I ein video fortel Cavallo at han frå oppveksten av har følt at han måtte skjule legninga si.

– Eg følte eg måtte skjule kven eg er, for å følgje draumen eg har hatt sidan eg var barn. Alt eg vil er å spele fotball, og bli behandla likeverdig.

Han fortel at han er utslitt av å yte sitt beste samstundes som han har levd eit dobbeltliv.

– Det er noko eg ikkje vil at nokon skal oppleve.

Han fortel at han frykta reaksjonane, men at det har vore ei fantastisk oppleving å faktisk fortelje det til dei rundt seg.

– Eg har byrja å spørje meg sjølv kvifor eg ikkje har delt denne byrden tidlegare.

Ingen andre opne toppspelarar

Globalt er det berre ei handfull opne skeive, mannlege fotballspelarar – ingen i toppseriane.

Våren 2001 vart Thomas Berling den første norske mannlege toppfotballspelaren som stod fram som homofil. Berre ei veke seinare la han opp, fordi han hadde fått nok av homovitsar i garderoben.

Tyske Thomas Hitzlsperger er ein av dei mest profilerte homofile fotballspelarane i verda. Då han var aktiv spelar vart han råda til å ikkje kome ut, og venta til han hadde lagt opp i 2014, med å fortelje om legninga si.

I 2020 kom det eit anonymt brev frå ein Premier League-spelar som skildra korleis det var å vere homofil, mannleg fotballspelar. Der skreiv han mellom anna:

– Sanninga er at eg ikkje trur fotballen er klar for at nokon kjem ut av skåpet. Det må gjerast radikale endringar for at eg skal føle at eg kan gjere det. Dei som styrer spelet må utdanne fans, spelarar, managerar, agentar, klubbeigarar og alle i spelet.

Gjekk av banen i støtte

I oktober 2020 fekk den amerikanske fotballspelaren Colin Martin hets for å vera skeiv under ein kamp. Heile laget hans gjekk av bana i protest og til støtte for han.

Same år kom det fram i ei undersøking gjort blant norske mannlege elitespelarar, at halvparten ser på det som vanskeleg å kome ut i fotballmiljøet.

Samstundes sa alle som svarte at dei ville vore positive eller likegyldige dersom ein lagkamerat kom ut av skåpet.


Collin Martin (25) fekk mykje merksemd då han i 2018 stod fram i media som homofil fotballspelar. Her er han iført drakta til Minnesota United, som han då spelte for. Foto: Anthony Souffle/Star Tribune via AP