Fleire elevar fullfører vidaregåande opplæring på normert tid
To av tre elevar i vidaregåande opplæring fullfører på normert tid. Elevane på yrkesfag har lågare fullføring på normert tid enn elevar på studieførebuande.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
At to av tre elevar i vidaregåande opplæring fullfører på normert tid, er ein auke på 6 prosentpoeng samanlikna med tala for fem år sidan, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Rundt 65.000 elevar starta i vidaregåande opplæring for første gong hausten 2015. 67,7 prosent av desse elevane fullførte vidaregåande opplæring med oppnådd studie- eller yrkeskompetanse innan normert tid for programområdet, viser statistikken over gjennomføring i vidaregåande opplæring for 2021.
Dette er ein auke på 1,5 prosentpoeng samanlikna med kullet som byrja i 2014. Over ein femårsperiode, samanlikna med startkullet i 2010, er auken på 5,8 prosentpoeng.
– 12,7 prosent til fullførte på meir enn normert tid. Det vil seie at fire av fem fullførte vidaregåande innan 5-6 år, seier Daniel Instebø, som er ansvarleg for SSB-statistikken.