Ny rapport: Dramatisk auke i behov for naudhjelp til klimakatastrofar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterspurnaden etter humanitær hjelp frå FN knytt til vêr-relaterte humanitærkatastrofar har auka dramatisk dei siste 20 åra, ifølgje ein ny rapport frå den humanitære organisasjonen Oxfam.

I 2000–2002 var summen FN ba om til klimarelaterte katastrofar på 1,6 milliardar dollar, ein sum som i 2019–2021 var på 15,5 milliardar dollar.

Fungerande leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan. Foto: Changemaker

Changemaker: – Fattigaste landa det går utover

Dei siste fem åra har dei rike landa i verda berre donert kring halvparten av pengane FN har bede om, noko som gjev eit etterslep på kring 33 milliardar kroner, ifølgje Oxfam.

Dei økonomiske kostnadane knytt til vêr- og klimarelaterte skadar vart estimert å vera på 329 milliardar dollar globalt i 2021, noko som gjer fjoråret til det tredje dyraste året registrert.

Fungerande leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, meiner tala er skumle og peikar på at rapporten viser til det klimarørsla har snakka om lenge:

– Det er rike land som slepper ut mest, medan det er dei fattigaste landa det går utover, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Vil at Noreg skal gje 65 milliardar årleg

Ifølgje Oxfam-rapporten Footing the Bill er verdas rike land historisk sett ansvarlege for rundt 92 prosent av klimagassutsleppa.

– Samstundes er det over 24 millionar menneske i Kenya, Somalia, Sør-Sudan og Etiopia som no møter ei usikker framtid når det gjeld svolt- og mattryggleik. Det er land som til saman berre står for 0,1 prosent av globale utslepp no, understrekar Hansen Haugan.

Ho peikar på at Noreg har tent seg styrtrike på ein industri som er svært klimafiendtleg, og at me difor har eit særskilt og historisk ansvar for å gje klimafinansiering som går til tap og skade, spesielt til det globale sør.

– Rike land har forplikta seg i Parisavtala til å bidra med til saman 100 milliardar dollar i året, frå 2020 og framover kvart år, slik at fattigare land kan kutte utslepp og tilpassa seg klimaendringane som skjer. Det er difor ekstremt viktig at Noreg gir sin rettmessige del, som me meiner er 65 milliardar årleg i klimafinansiering.

Statsminister Jonas Gahr Støre lova under førre klimatoppmøte at Noreg ville dobla klimabistanden frå 7 til 14 milliardar kroner.

Oxfam: – Endå meir alarmerande

I ein FN-rapport frå 2020 melde organisasjonen om at heile 6681 av 7348 registrerte katastrofehendingar i perioden 2000-2019, var klimarelaterte. Flest av desse var knytt til flaum og storm.

Administrerande direktør i Oxfam, Gabriela Bucher, peikar på at menneskeskapte klimaendringar allereie har skapt ei verd som er 1.1˚C varmare samanlikna med førindustriell tid.

– Endå meir alarmerande er det at me vil overstige 1,5-gradersmålet med dei foreliggjande projeksjonane. Kostnadane av klimaøydeleggingane vil fortsetja å stiga og det å feila å kutta utslepp no vil gje katastrofale følgjer for menneskeslekta, seier Bucher i pressemeldinga og held fram:

– Me kan ikkje ignorera dei enorme økonomiske og ikkje-økonomiske tap og skadar som ligg under biletet – tap av liv, heimar, skular, jobbar, kultur og land, urfolks- og lokal kunnskap og biodiversitet.

Håpar Noreg snur om bistandskutt

I desse dagar er både delegatar frå miljø- og utviklingsorganisasjonane Changemaker og Spire på plass på klimaforhandlingsmøte i Bonn, der klimafinansiering er ei av toppsakene.

Elise Åsnes. Nestleiar i Spire. Foto: Presse/Spire

Også Spire-leiar Elise Åsnes tykkjer tala frå Oxfam er urovekkjande og er ikkje nøgd med regjeringa sin politikk på området

– At regjeringa har valt å kutte 4 milliardar frå bistandsbudsjettet i ei tid der behovet for humanitærhjelp og utviklingsarbeid aldri har vore viktigare, er utruleg skuffande. Det er flautt. Eg håpar Noreg snur og viser at me er betre enn dette, skriv Åsnes i ein e-post til Framtida.no.

Fleire organisasjonar har reagert på at regjeringa vil bruka fire milliardar av bistandsbudsjettet på flyktningar i Noreg.

Regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har no blitt einige med støttepartiet SV om revidert nasjonalbudsjett. Her skal støttepartiet ha lukkast med å tilbakeføre 2,5 milliardar av dei 4 milliardane, som vart omprioritert til flyktningar frå Ukraina, ifølgje NRK Dagsnytt.

Kutte utslepp og auke bistand

Både Spire og Changemaker er tydelege på at Noreg er nøydd å kutte i sine utslepp i solidaritet med det globale sør, samstundes som ein bidreg med betydeleg meir klimafinansiering.

Åsnes er uroleg for dei stadig meir alvorlege klimaendringane og at dei dyttar millionar av menneske inn i ekstrem fattigdom.

– Samtidig må mange land også sjonglera konsekvensane av krig og konflikt, matvaremangel, pandemi og økonomisk nedgang. Det vil altså bli endå vanskelegare for desse landa å realisera sine utviklingsambisjonar, og det kan ikkje den rike delen av verda sitja stille og sjå på.


Krisene i Malawi, Zambia og Ukraina fekk lite mediemerksemd i 2021. Foto: AP Photo/Thoko Chikondi // AP Photo/Tsvangirayi Mukwazhi // AP Photo/Andriy Dubchak // kollasj Framtida.no