Reagerer på «usolidarisk» revidert budsjett: – Ei skam

– Nok eit grått og usolidarisk revidert nasjonalbudsjett, seier Spire om budsjettet regjeringa la fram i dag.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er ei skam. Regjeringa kallar sivilsamfunn førstelinja i bistanden og verdikampane, men gir dei ikkje ein øre ekstra, seier Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord i ei pressemelding.

Torsdag la regjeringa fram det reviderte nasjonalbudsjettet for 2025.

Det skal no behandlast og vedtakast i Stortinget. Regjeringa treng støtte frå SV og tidlegare regjeringspartnar Senterpartiet for å få gjennomslag

Mykje av budsjettet er uendra frå budsjettet Stortinget vedtok i haust, men bistand får store kutt.

Bistandsposten er føreslått redusert med 927,2 millionar kroner, der størstedelen blir kutta frå flyktningtiltak i Noreg, som følgje av færre asylsøkarar. Den totale bistandsposten blir då på 57,1 milliardar kroner.

Thea Birgitte Erfjord er leiar i organisasjonen Spire.

Grått og usolidarisk

Spire reagerer på at det ikkje blir prioritert meir pengar til klima og bistand.

– Nok eit grått og usolidarisk revidert nasjonalbudsjett. Dette var den siste sjansen til å vise leiarskap og levere eit solidarisk budsjett, men regjeringa sviktar totalt, seier Erfjord.

Også Changemaker er skuffa, spesielt etter det amerikanske presidentvalet.

– Trump har med eit pennestrøk kutta støtte til enormt viktige formål verda over. No er ikkje tida for å spare på pengar som skulle gått til verdas fattigaste, seier Ragnhild Bergli, påtroppande leiar i Changemaker i ei pressemelding.

Det er generelt mindre bistand frå land rundt om i vera. Ifølgje nye tal frå Norad gjekk den internasjonale bistanden ned med sju prosent i 2024, etter fleire år med vekst.

Begge organisasjonane meiner dei innsparte midlane bør gå dit det er stort behov for hjelp.

Meir til ytringsfridom

Changemaker er likevel ikkje utelukkande negative til det nye budsjettet. Avtroppande leiar Marte Hansen Haugan peikar på auken i postane som skal hjelpe kvinner og skeive personar sine globale rettar, og kampen for ytringsfridom i Europa.

– Globalt ser vi ei fascistisk bølgje med mål om å innskrenke kvinner, skeive og minoritetars rettar. Då er det godt å sjå at regjeringa gjer prioriteringar for å motverke denne utviklinga, seier Hansen Haugan.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust forklarar til Panorama Nyheter at dei har omprioritert ut frå kvar dei meiner pengane kan utgjere størst forskjell. Han seier også at dei ventar med dei store endringane, sidan bistandsspørsmål kopla til USA er usikre og FN har starta eit stort reformarbeid.

– Gjer vi store grep i budsjettet nå, risikerer vi å forsterke skeivskapar når vi ser meir konturane av korleis det nye bistandslandskapet ser ut, seier Aukrust.