Riksrevisjonen med alvorleg kritikk: Noreg ikkje godt nok rusta for klimaendringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein tilsynsrapport om arbeidet med klimatilpassing rettar dei sterk kritikk mot styresmaktene og seier konsekvensane av den manglande kunnskapen kan bli at vi ikkje veit kva bygningar som skal sikrast, og at det blir bygd nye bustader i utsette område.

– Dette er alvorleg, og det kan gå ut over tryggleiken for folk, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Fleire bygg i fareområde

Han meiner heller ikkje den eksisterande busetnaden og infrastrukturen i Noreg er godt nok kartlagd.

I dag ligg rundt 191.000 bygningar innanfor kartlagde fareområde for flaum, skred, kvikkleireskred og stormflod. Med klimaendringane kan dette talet auke mykje. Til dømes kan det i nokre fylke vere opptil 50 prosent fleire bygningar som blir utsette for flaum fram mot år 2100.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er langt frå fornøgd med arbeidet styresmaktene gjer med klimatilpassing. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NP

Ikkje god nok oversikt

I ei spørjeundersøking som Riksrevisjonen har gjennomført blant norske kommunar, svarte under halvparten at dei har vurdert faren for naturhendingar og sårbarheita i busetnad og infrastruktur på lengre sikt enn tolv år. Berre 38 prosent av kommunane hadde klargjort korleis klimaet vil påverke faren for naturhendingar om 50 år eller meir i arealplanane sine.

Heller ikkje statlege styresmakter har god nok oversikt, meiner Riksrevisjonen. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det nasjonale ansvaret for å utarbeide kart som viser fareområde for flaum og skred, men dei fleste av desse karta er berre laga for klimaet i dag.


Forsking tyder på at klimaendringane kan gjere kraftige orkanar endå meir intense. Her då ekstremvêret Frank treffer hamna i Sandnessjøen. Foto: Therese Jægtvik / Helgelands Blad / NTB / NPK