NSO-leiaren ville invitert prinsesse Diana på scones og sladder om affærar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart først engasjert lokalt der eg budde. Eg ville ha fleire søppelkasser på skulevegen og fleire stadar å møtest med vennar, minnest Maika Godal Dam.

25-åringen frå Oslo tenkjer tilbake på saka som først gjorde at ho engasjerte seg.

– Eg hugsar at eg hadde eit utruleg stort behov for å kunne seie frå om dei tinga eg syntest var for dårleg, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Ho merka fort at ho ikkje var åleine, og oppdaga at saman kunne ein verte ei felles stemme som vart lagt meir merke til og lytta til. Det er grunnen til at ho framleis engasjerer seg den dag i dag.

No skal ho vere studentane sitt talerøyr, som ny leiar i Norsk Studentorganisasjon.

Om ho hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore «Studentpolitisk gjennomslag! Vinn på alle punkt».

– Samstundes hadde det gjort jobben min veldig kjedeleg det neste året.

Karakterar og tal på eit papir

Maika Godal Dam fortel at ho som leiar har eit stort ønske om å vere både open og inkluderande ut i organisasjonen, og ikkje minst vere ein talsperson som studentane kjenner seg att i.

– Så veit eg også med meg sjølv at eg set høgt både det å vere reieleg og tydeleg, og vil forvente det av både meg sjølv som leiar og frå dei eg vil jobbe med.

Maika Godal Dam jobbar i dag i Velferdstinget: – Der bruker eg mykje tid. Då eg tok over kontoret i fjor stod det eit skilt der som eg sjølv syntest var veldig gøy, Ask someone else. Når det er mykje trafikk inn på kontoret mitt så hender det eg set opp skiltet litt for moro skuld. Foto: Privat

– Kva er dine eigne hjartesaker?

– Eg har lenge vore oppteken av korleis vi rekrutterer folk til høgare utdanning. I dag baserer vi oss i alle høgste grad på karakterar og tal på eit papir. Eg trur vi mister mange både kvalifiserte og motiverte søkarar fordi vi ikkje torer å leggje om vårt eige opptakssystem.

– Økonomien vår påverkar så mykje

Dei tre viktigaste sakene for Norsk Studentorganisasjon i 2022 er studentar sin økonomiske situasjon, at høgare utdanning skal vere tilgjengeleg og solidaritet.

– Dei siste åra har vi verkeleg fått sjå kor sårbar studentane sin økonomi er – med både pandemi og no auka straumprisar. Det vil vere viktig for meg det neste året å fortelje studentane si historie og vise korleis deira økonomiske føresetnadar påverkar liva deira, fortel Godal Dam.

Ei undersøking frå Eurostudent frå i fjor synte at 65 prosent av norske studentar er avhengige av å jobbe for å ha råd til å studere.

NSO har lenge kjempa for å få auka studiestøtta til 1,5 G, noko som svarar til rett over 159 000 kroner i året. I dag kan studentar få utbetalt 126 357 kroner i basisstøtte frå Lånekassen.

Dei auka straumprisane vart også ei ekstra bør for studentar, sjølv om dei har mogelegheita til å ta opp 3000 kroner ekstra lån for å betale straumrekninga.

– Økonomien vår påverkar så mykje, alt frå korleis vi bur, kor godt vi tek vare på helsa, kor mykje fritid vi har. Difor må vi sørge for at studentane sine økonomiske føresetnadar vert betre, ikkje dårlegare, seier den nyvalde leiaren.

Solidaritet med studentar truga av krig

Samstundes vil NSO sørgje for at dei tek med erfaringar frå pandemien som kan bidra til å gjere høgare utdanning tilgjengeleg for fleire.

– Og at vi seier nei takk til enkle og billige løysingar som går på kostnad av kvalitet i utdanninga, legg ho til.

Maika Godal Dam likar å sitje og arbeide på kafeen Stockfleths i Oslo, når der er roleg. – Spesielt om morgonen er det veldig hyggeleg å sitje på kafé og drikke ein god kopp kaffi, gjerne ein caffè latte eller capuccino. Foto: Privat

I tillegg understrekar Godal Dam kor viktig det er med internasjonal solidaritet.

– Eg meiner også at det er viktig at vi tydeleg viser at vi står solidarisk med studentar over heile verda som får sin rett til utdanning og grunnleggjande demokratiske rettar truga som følgje av krig og konflikt. Saman skal vi forsvare og verne om ytringsfridomen, kunnskap og eit fritt offentleg ordskifte.

Snittar, scones og te med prinsesse Diana

Den største tidstjuven i kvardagen til Maika Godal Dam, som til vanleg er student hjå UiO, er nok TV-en.

– Eg ser mykje på lineær-TV. Eg elskar å bla meg gjennom kanalkatalogen og følgje program til faste tider, fortel ho.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg høyrer nyheiter på radioen! Og så løyser eg gjerne quiz i lunsjen. Det er overraskande mykje ei kan få med seg på den måten av dagsaktualitetar! tipsar 25-åringen.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg har alltid vore veldig fascinert av prinsesse Diana og skulle gjerne hatt ho til bords for å snakke om både politikk og kongelege affærar, medan vi et engelske snittar, scones og drikk te.

Maika Godal Dam ville invitert Prinsesse Diana på middag,
Foto: John Mathew Smith & www.celebrity-photos.com from Laurel Maryland, USA/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 2.0

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– Eg meiner idealsamfunnet må vere eit samfunn der vi alle har like mogelegheiter og der vi deler på verdas ressursar slik at ingen treng leve i fattigdom og uro. Det er også eit samfunn der vi alle har tilgang på sikker kunnskap og der vi evner å løyse dei utfordringane vi står overfor som samfunn, slik som klimakrisa, fortel ho og held fram:

– Då må vi sikre autonomien til utdanningsinstitusjonane, fri forsking, akademisk fridom, open tilgang til forsking. Vi må òg sørgje for grupper som har lite å rutte med.

 

– Kva bok burde alle lese, og kvifor?

Meg eier ingen av Åsa Linderborg. Ei rørande, tragisk og hjarteskjerande forteljing som på same tid viser ei av dei flottaste kjærleikserklæringane eg har sett på papir.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no? 

– Minx på HBO. Ein morosam og fin serie om feminisme, frigjering og dei dilemmaa og kvalane inn i mellom.

Foto: HBO Nordic

– Kva låt får deg alltid i godt humør?


Den nyvalde Elevorganisasjonen-leiaren Aslak Berntsen Husby ville invitert J.R.R. Tolkien på middag. Foto: EO, Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Fakta

Frå: Oslo, Grunerløkka

Alder: 25

Personleg pronomen: Ho

Yrke/utdanning: Bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen

Favorittfag på skulen: Norsk

Ulike verv: Leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus, komande leiar for Norsk Studentorganisasjon