Rapport: Tap av natur aukar risikoen for klimadødsfall
Faren for klimarelaterte dødsfall aukar når natur blir øydelagd, men enkle tiltak kan avgrense styrke og omfang, viser ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei siste 20-åra har talet på klimakatastrofar auka med 40 prosent. Om lag 3,5 milliardar menneske lever i område som er svært utsette for klimaendringar, ifølgje FNs klimarapport. I fjor måtte nesten 24 millionar menneske flykte frå heimane sine på grunn av vêrrelaterte hendingar.
Ein god rapport frå WWF Verdsnaturfondet og Røde Kors, viser at millionar av menneskeliv og livsgrunnlaga deira kan vernast gjennom å gi meir plass til naturen.
– Det kan handle om å plante vegetasjon for å førebyggje skred og ras og dessutan hindre tap av jord, eller å verne mangroveskog og korallrev som fungerer som naturleg storm- og flaumforsvar. Det kan også handle om å ta vare på grøne lunger som parkar og skogholt.
Det seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet.
Plutselege klimaendringar og vêr-relaterte katastrofar har drepe meir enn 410.000 menneske i perioden 2010-2019, viser IFRC’s World Disasters Report frå i fjor.
- Les også meiningsinnlegget: «Regjeringa si handlingslamming er direkte farleg»
Effektivt
Rapporten gir fleire døme på korleis natur og grøntområde vernar godt mot tørke og flaum.
I den tørkeramma flyktningleiren Dadaab i Kenya har restaurering av natur gitt langt meir skog, som igjen vernar lokalbefolkninga mot sand og vind, og reduserer tapet av avlingar og husdyr. Det har også gjort at fleire ville dyr har kome tilbake.
I Colombo på Sri Lanka har tiltak for å verne våtmark bidrege til at 2,5 millionar menneske har fått betre vern mot flaum. 91 prosent av dødsfalla knytt til klimakatastrofar mellom 1970 til 2019 skjedde i utviklingsland, påpeikar rapporten.
– Klimakrisa rammar dei som allereie har minst, hardast. Røde Kors jobbar allereie i mange land med naturbaserte løysingar som treplanting i flaumområde i Vietnam, grøne lunger i flyktningleirar i Kenya og bevaring av kystområde i Karibia, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors.
Tre punkt
Dei to organisasjonane har inngått eit globalt partnarskap for å betre takle klimakrisa.
Også heime i Noreg bør styresmaktene gjere meir for å verne menneske og lokalsamfunn, understrekar WWF og Røde Kors.
For å dempe skadeverknadene av auka klimaendringar ber organisasjonane norske styresmakter auke innsatsen på ei rekkje punkt for å verne og restaurere natur:
- Myr og våtmarker bidreg til å avgrense flaum under kraftige styrtregn
- Vegetasjon i bratte lier og skråningar bidreg til rassikring
- Grøne lunger reduserer fare for liv og helse under hetebølgjer
– For å få til dette, må arealplanlegging, klimatilpassing, miljøtiltak og beredskap sjåast i samanheng. Klimakrisa er her no. Viss vi skal sikre trygge og robuste lokalsamfunn, må vi spele på lag med naturen, seier Apeland.