«Regjeringa si handlingslamming er direkte farleg»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Fossil energi kveler menneskeslekta,» seier FNs generalsekretær António Guterres.

Likevel vel regjeringa å framleis satse på norsk olje og gass. Det er komplett uforståeleg.

Kvifor lyttar ikkje Støre?

Tidlegare i vår la FNs klimapanel fram ein ny hovudrapport. Rapporten slår fast at klimaendringane trugar menneskeslekta og planeten vi bur på. Konsekvensane vil vere fatale om ikkje politikarane handlar no. Dessverre står Noreg lang bak i køen som ei av dei store klimasinkene.

Konklusjonane til klimapanelet er krystallklare – vi treng ein heilt ny kurs i klimapolitikken. FN sin generalsekretær har gått tydeleg ut og ber alle land slutte å leite etter meir olje, gass og kol. Kvifor lyttar ikkje Jonas Gahr Støre og resten av regjeringa til forskinga og FN sine klare tilrådingar? 

Det er framleis mogeleg å unngå dei verste konsekvensane av global oppvarming. Vi kan redde viktig natur og ekstremt mange menneskeliv. Handlingslamminga frå regjeringa er ikkje berre frustrerande å vere vitne til, ho er direkte farleg.

Klimarettferd

Klimakrisa har også eit urettferdsperspektiv vi ikkje må gløyme. Rike land som Noreg har tent enorme summar på forureinande industri som har skapt ekstremvêr, temperaturendringar og naturkatastrofar i utviklingsland i andre delar av verda.

Noreg er nøydd til å ta ein større del av ansvaret enn andre land som ikkje verken har like mykje skuld i klimakrisa eller dei same økonomiske ressursane.

Partiet Sentrum er det einaste partiet i Noreg, i tillegg til MDG, som vil fase ut olje- og gassverksemda gjennom ei 15-års periode og setje ein sluttdato for petroleumsverksemd på norsk sokkel Ei kontrollert utfasing gjev oljearbeidarane føreseielegheit og ei gradvis og trygg omstilling av den norske økonomien.

I tillegg til dette treng vi ei massiv satsing på fornybar energi. Vi i Partiet Sentrum står heilt åleine om å ha programfesta og jobbe for etableringa av eit grønt innanlands investeringsfond, tilsvarande 1 prosent av Oljefondet, som investerer i grøne næringar her i Noreg. Skattefordelane oljenæringa har i dag må vi i staden gje til investeringar i fornybare energikjelder.

Klimakrisa er vår tids største utfordring. Regjeringa si handlingslamming går på kostnad av naturen og livet til menneske. Vi treng ei kursendring no.


Har du noko på hjartet? 
Send tips eller innlegg til tips(a) framtida.no


– At vi som har ytringsfridomen ikkje brukar han, er eit luksusproblem, skriv William Matteus Fonn (17). Foto: Privat