LNU-leiaren ville ete taco med Ronny og brenn for stemmerett for 16-åringar
– No er det på tide å gjennomføre det! seier Margrete Bjørge Katanasho om å senke stemmerettsalderen i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det vert ofte sagt at barn og unge er framtida, men barn og unge er også notida. Dei som er unge i dag, er også dei som skal leve lengst med avgjerslene som vert tekne i dag. Då må dei også ha mogelegheit til å påverke samfunnet rundt seg, seier Margrete Bjørge Katanasho.
Ho er nyvald leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og brenn for at barn og unge skal ha mogelegheit til å verte høyrde i sakene dei bryr seg om.
– Det trur eg er avgjerande for heile demokratiet vårt, skriv ho på e-post til Framtida.no.
Vendepunktet i livet
26 år gamle Margrete Bjørge Katanasho er frå Fredrikstad og er halvt palestinar, noko ho trur har prega oppveksten.
– Så lenge eg kan hugse har eg frustrert meg over at verda er urettferdig, forklarar ho.
Då ho var 16 år gammal oppdaga ho ungdomsorganisasjonen Press, som ho melde seg inn i.
– Det var eit viktig vendepunkt i livet mitt, og var nok også med på å styrke engasjementet mitt.
Ho fortel at ho i Press fann ein arena der ho fekk vere med å arbeide for barns rettar, der ho lærte endå meir om sakene ho brydde seg om og fekk møte menneske som brann for det same.
– Det var heilt fantastisk! minnest ho.
Ser opp til Stoltenberg
LNU er ein paraplyorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar, og husar over éin halv million medlemskap.
Den nyvalde leiaren fortel at ho håpar å vere ein leiar det er lett å ta kontakt med, som folk føler at dei kan kome til for å lufte både stort og smått.
– Og så har eg lyst til å vere ein tydeleg talsperson for interessene til alle dei flotte barne- og ungdomsorganisasjonane der ute. Saman sikrar vi at barn og unge får drive med det dei elskar og dei får mogelegheit til å verte høyrt i sakene dei bryr seg om, seier ho og konstaterer:
– Eg kan knapt tenke meg noko viktigare.
Katanasho fortel at ho vert inspirert av alle dei kloke og engasjerte leiarane i den unge frivilligheita, som er så dedikerte og dyktige, og står opp for det dei trur på kvar einaste dag.
– Og så ser eg opp til Camilla Stoltenberg. Ho klarar å formidle komplekse problemstillingar på ein forståeleg måte, samsstundes som ho tek folk på alvor.
Stemmerett for 16-åringar
Dei tre viktigaste sakene for LNU det komande året er å sikre fleire frie midlar til barne- og ungdomsfrivilligheita gjennom å auke grunnstøtta, betre tilgang til møtelokale og stemmerett for 16-åringar.
– Som 16-åring kan du verte dømd etter norsk lov, men har ikkje mogelegheit til å vere med å bestemme kva du kan verte straffa for, og du må betale skatt om du får deg jobb, utan at du får bestemme kva skattepengane går til, seier Katanasho.
Ho peikar på at vallovsutvalet i juni 2020 tilrådde at 16-åringar skal få stemmerett ved lokalval.
– No er det på tide å gjennomføre det!
I det politiske Noreg stiller partia seg ulikt til spørsmålet. Arbeidarpartiet, Venstre, Raudt, MDG og SV er for å senke stemmerettsalderen ved lokalval, medan Frp og Høgre vil halde han som i dag.
Om Katanasho kunne vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «16-åringar får stemmerett i Noreg!»
Airbnb for møtelokale
Den påtroppande LNU-leiaren peikar vidare på kor utfordrande det har vore å drive barne- og ungdomsorganisasjon under koronapandemien, noko som òg har ført til at mange har opplevd å miste medlemmar.
– No er det viktigare enn på lenge at tilskota til barne- og ungdomsorganisasjonane vert auka, slik at fleire barn og unge kan få ta del i frivillige og demokratiske fellesskap.
Samstundes er det viktig for LNU å sikre betre tilgang til møtelokale for frivilligheita.
– Engasjerte barn og unge burde ikkje trenge å bruke timesvis på å finne møtelokale! Heldigvis har LNU utvikla ein heilt eigen portal for lokale, ein slags Airbnb for møtelokale!
26-åringen fortel at ho håpar LNU får midlar til å oppretthalde og vidareutvikle portalen.
– Og så håpar eg at offentlege bygg og lokale fjernar barrierer som gjer det vanskeleg å låne dei.
Taco med Ronny Brede Aase
Margrete Bjørge Katanasho held seg oppdatert ved å lese aviser og høyre på podkast, og set pris på å diskutere det som skjer i verda med folk rundt seg.
– Kva gjer du på fritida/hobbyar?
– Er det ein hobby å drikke iskaffi i sola? For det er det eg aller helst brukar fritida mi på! Men elles er eg glad i kulturopplevingar og å vere saman med vennar.
Den største tidstjuven har ho i lomma, for det er nok telefonen.
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Hadde invitert Ronny Brede Aase på taco. Då trur eg at eg ville ha vore i godt humør ei veke i strekk framover, minst!
– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?
– Det er eit samfunn der alle har mogelegheit til innverknad i sakene dei bryr seg om. Då spelar barne- og ungdomsorganisasjonane ei avgjerande rolle! I organisasjonane kjem barn og unge saman for å løfte og diskutere sakene dei er opptekne av. Med andre ord, demokrati i praksis!
– Kva bok burde alle lese, og kvifor?
– Eg likte veldig godt Factfulness av Hans Rosling. Boka viser at det ikkje står så gale til med verda som ein ofte kan tru, og at det er mogeleg å få til endring dersom ein står saman og jobbar strategisk for å nå måla sine.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg ler alltid av Parks and Recreation, det er den perfekte serien å kople av med!
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– September av Earth, Wind and Fire!
Fakta
Frå: Fredrikstad
Alder: 26
Personleg pronomen: Ho/henne
Yrke/utdanning: Statsvitar
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv: Tidlegare nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom og LNU, har vore landsstyremedlem i Press og fylkesstyremedlem i Østfolk Natur og Ungdom, og var ungdomsdelegat til FN på menneskerettar for LNU.