Arbeidarpartiet går inn for stemmerett for 16-åringar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er skikkeleg stas. Me har jobba med det her i mange år, seier AUF-leiar Astrid Hoem til NRK.no.

1. juni skal Stortinget behandla eit forslag frå Venstre om å senka stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval slik at 16- og 17-åringane får stemme.

Arbeidarpartiet, Venstre, Raudt, MDG og SV har til saman 80 av 85 mandat som krevst for å få fleirtal på Stortinget.

Unge Høgre og FpU er kritiske

FpU-leiar Simen Velle sa til VG tidlegare denne månaden at det er naturleg at stemmerettsalderen er 18 år, då ein mest sannsynleg er skattebetalar.

FpU-leiaren får støtte av Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

– Du bør kunne bestemma over eige liv, før du kan bruka demokratisk makt over andre. Når du er 16 kan du ikkje ta opp lån, til dømes. Då bør du heller ikkje kunna påleggja kommunen eller staten å ta opp meir lån, sa Svenneby til VG.


Simen Velle i FpU har engasjert seg i saka til kompisen Mustafa Hasan. Foto: Fredrik Krogstad Gulseth