Aukande bruk av antidepressiv blant unge

Tal frå Reseptregisteret viser ein auke i bruk av antidepressiv blant unge. Norsk foreining for allmennmedisin meiner at problemet ikkje er lett å løyse.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

30 prosent auke i bruk av antidepressiva blant 15-19-åringar

Berekningar NRK har gjort basert på tal frå Reseptregisteret viser at auken frå 2012 til 2020 for aldersgruppa 15–39 år, har vore på omtrent 17 prosent. Over halvparten av auken skjedde mellom 2018 og 2020, omtrent 9,7 prosentpoeng.

I Noreg er bruken av antidepressiv vanlegast blant dei over 40 år. Sidan 2019 har bruken i denne aldersgruppa auka med nokre få prosent. Aller størst har auken vore i aldersgruppa 15–19 år. Den er på 30 prosent.

– Treng fleire barne- og ungdomspsykiatrar

Leiar Marte Kvittum Tangen i Norsk foreining for allmennmedisin opplyser at dei har lagt merke til auken på landsbasis. Ho seier at terskelen for å skrive ut antidepressiv til barn og unge er høg, men at problemet ikkje er lett å løyse.

– Vi må ha auka merksemd mot at vi manglar kapasitet. Vi treng fleire barne- og ungdomspsykiatrar, må stabilisere fastlegeordninga og tenkje årsaker og førebyggjande tiltak, seier ho.

Kommunikasjonssjef Line Toft i Mental Helse Ungdom meiner samtidig at tala kan vere så høge fordi det er mangel på andre tilbod.

Helsedirektoratet fekk i 2017 i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å vurdere tiltak for rettare bruk av psykofarmakum til barn og unge. Divisjonsdirektør Johan Torgersen seier dei jobbar med faglege råd som skal publiserast i løpet av året.


Frivillig i Bobilen-prosjektet til Mental Helse Ungdom, Mina Huslid (22) er psykologistudent og meiner lågterskeltilbod er viktig.