Mental Helse Ungdom kjempar for å halda oppe lågterskeltilbodet Bobilen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg får litt dårleg samvit når eg er ute på skular og fortel om tilbodet, så kan eg ikkje seia om det held fram utover juni.

Det seier Karine Hilde-Hoel, prosjektkoordinator for Mental Helse Ungdom sitt lågterskeltilbod Bobilen.

Bobilen står no plassert ulike stader i Oslo kvar onsdag kl. 17–20 og laurdag 14–17. Bobilen er i utgangspunktet eit drop-in tilbod retta mot unge i alderen 16–32 år, men har òg opna opp for førehandsavtalar på nett.

Koronakjeppar i bubilhjula

I 2018 fekk Mental Helse Ungdom 1.215.000 kroner av Stiftelsen Dam til prosjektet Bobilen, eit lågterskeltilbod der Mental Helse Ungdom freistar å nå unge der dei er og tilby rettleiingssamtalar med frivillige.

Prosjektet hadde startvanskar då den første prosjektkoordinatoren slutta i prosjektet, og vart sett ytterlegare på vent då koronapandemien braut ut. Lågterskelmøteplassen Bobilen var difor først operativt i november 2021.

– Det har vore nokre få støttesamtalar som har fungert veldig fint, så har me vore på skulebesøk frå februar for å gjera tilbodet meir kjent, forklarar Hilde-Hoel.

Prosjektleiar for Bobilen, Karine Hilde-Hoel, håpar på vidare finansiering slik at dei kan behalda tilbodet.

Inviterte ungdomspolitikarar

Mental Helse Ungdom har fått avslag på søknad om vidare støtte til Bobilen frå Stiftelsen Dam og fryktar at tilbodet skal forsvinna før det har fått fotfeste.

Prosjektleiar Hilde-Hoel håpar på meir økonomisk stabilitet for frivillige organisasjonar og lågterskeltilbod.

Onsdag førre veke hadde organisasjonen invitert ungdomspolitikarar frå alle partia for å fortelja om tilbodet, som dei håpar å redde. I Sofienbergparken møtte representantar for AUF, FpU, Unge Sentrum, Raud Ungdom og Senterungdommen opp.

Dei frivillige i Mental Helse Ungdom er opne om at tilbodet framleis ikkje vert nytta i så stor grad som dei skulle ynskt, men meiner det er behov for tilbodet.

– Eg trur det er ein høg terskel for å søkja om psykologhjelp. Då trur eg det kan hjelpa med eit slikt lågterskeltilbod, seier frivillig Mina Huslid til Framtida.no. 

22-åringen går til vanleg profesjonsstudiet i psykologi og bidreg som frivillig i Mental Helse Ungdom på fritida.

Førebyggjande tiltak

Dei frivillige har kurs i sjølvmordsførebygging, bidreg med informasjon og viser brukarane av tilbodet vidare til helsevesenet om dei skulle ha behov for det.

F.v. Mina Huslid (22) og Inger Lise Forsberg (32) studerer begge relevante fag og har kurs i sjølvmordsførebygging.

Frivillig Inger Lise Forsberg vil bidra til å avstigmatisere psykisk helse og trur at den uformelle atmosfæren kan gjera det lettare å ta kontakt

– Dette er jo meint som førebygging. Ein trur at om folk får lov å prata om ting som opptek ein, som ikkje nødvendigvis treng å vera noko vanskeleg i den forstand, men at dei får prata om ting til nokon som lyttar og anerkjenner dei. Det i seg sjølv kan ha ein førebyggjande effekt og kan vera nok til å gjera kvardagen litt lettare, seier Forsberg.

Ho studerer anvendt psykologi på Høyskolen Kristiania og har praksis i Mental Helse Ungdom gjennom eitt fag ho tek.

Leiar i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus, meiner lågterskeltilbod er svært viktig i lys av unge si psykiske helse etter pandemien.

Ungdomspolitikar: – Det trengst

Ungdomspolitikarane var opptekne av å lytta til Bobilen, og løftar frivillig innsats og lågterskeltilbod som ein styrke inn arbeidet med å sikre unge si psykiske helse.

– Det trengst. Tala talar diverre si altfor klåre tale om at ungdom og unge vaksne ikkje har det bra. Det er ikkje lett og det er ikkje rart etter to år med pandemi, superkonkurransesamfunn og sosiale medium om ein annan. Me kan ikkje berre vente på at det ordnar seg, seier leiar i Raud Ungdom Alberte Bekkhus.


Adrian Tollefsen er generalsekretær i Mental Helse Ungdom. Foto: Kristoffer Sandven