«Stans brota på folkeretten, sanksjoner Israel no»

Nina Haug, Internasjonal ansvarleg - AUF i Vestland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste dagane har bombene falle over Palestina. Okkupasjonsmakta Israel nektar palestinarane sin religionsfridom, kastar dei ut av heimane sine, og svarar steinkast med geværskot.

Sidan 1947 har Israel gong på gong begått grove brot på folkeretten i sin ulovlege okkupasjon av Palestina. Utan konsekvensar. Dette må ta slutt. Vi er nøydde til å vere dei som hever stemma si mot denne botnlause uretten.

Behandla som annanrangs borgarar

Båe sider har tydd til vald, men Israel er ei av verdas største millitærmakter, og har okkupert palestinske område i over 70 år. Under konfliktane i Jerusalem dei siste dagane har over 200 palestinarar blitt skadde, i motsetnad til rundt 20 israelske politibetjentar. Ein kan ikkje lata som at båe sider sine handlingar er like dårlege.

Ein kan ikkje lata som at båe sider sine handlingar er like dårlege.

Kvar einaste dag, vert palestinarane behandla som annanrangs borgarar i sitt eige land. Dei vert nekta å organisera seg, dyrka si eiga jord og ferdast fritt. I 15 år har Israel underlagt Gaza ein ulovleg land-, vatn-, og luftblokade. Over halvparten av innbyggjarane på Gazastripa er avhengige av FN for å få tilgang til mat.

Noreg kan ikkje tolerere dette

Vegen til fred kan ikkje tyde at Israel skal, utan konsekvensar, få undertrykkja og okkupera. AUF meiner at vi må gjera det tydeleg at vi kjempar saman for ei verd der palestinarar og israelarar kan leva likestilt og fritt i sine eigne land.

Noreg har alltid vore ein fredsnasjon, og vår rørsle er stolte av vår historie av solidarisk utanrikspolitikk. Vi kan ikkje tolerera brot på folkeretten. Uansett om dei blir gjort av allierte.

Vi kan ikkje tolerera brot på folkeretten.

Palestinarane fortener betre enn ein kvardag der dei fryktar for når neste bombe skal treffa. Dei ønskjer ein trygg heim, trygge jobbar, mogelegheita til å reise fritt i sitt eige land, mogelegheita til å forsørgja sin eigen familie. Dei ønskjer at den neste generasjonen skal kunna få ein kvardag med håp og mogelegheiter, i staden for vald og undertrykking.

Så lenge palestinarane vert fråtekne sine rettar, kan vi ikkje sitja stille på sidelinja. Jerusalem brenn. Vis at Palestina ikkje står åleine. Sanksjoner Israel no.