Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje sett dei i gatene. Ofte er det unge menn i kvit skjorte og dressbukse, med namneskilt på brystet, Mormons bok i handa og kanskje ein litt rar aksent. Misjonærar frå Jesu Kristi kyrkje av Siste dagars heilage – eller mormonarar som mange kallar dei.

I samfunnsbiletet er det kanskje nettopp misjoneringa mormonarar er mest kjende for.

Sjølv kallar dei seg helst ikkje mormonske misjonærar, men frivillige medlem av Jesu Kristi kyrkja av Siste dagars heilage.

Fredrik: – Eg er mindre sjenert no

Fredrik Moroni Stulen (22) frå Arendal, har vore ein av desse. Etter vidaregåande bestemte han seg for å reise på misjon, og då han var 18 år gamal sende han søknad til leiinga i den internasjonale kyrkja, i Utah i USA. Der las dei gjennom og bestemte kor han skulle reise.

– At du ikkje vel stad sjølv er både bra og vanskeleg. Så forlèt du familie og vener i to år, men eg synest det føltest mykje kortare.

Han reiste til Spania og reiste rundt i heile landet og fortalde folk om kyrkja og Gud, kva medlemmane i kyrkja trur på og ulike prosjekt dei held på med.

– Me spelte også fotball med ungdom, hjelpte til med matlaging, flytting og meir, så me gjorde ikkje berre kyrkjeting.

– Eg tente ein periode på misjonskontoret i Madrid, der ein ordnar det administrative. Då fekk me besøk av Elder Soarez frå Brasil som skulle undervise oss. Han er ein av dei tolv apostlane i dag, men var det ikkje i 2017. Eg fekk tid til å snakke med han, og køyre han rundt i Madrid.

22-åringen frå Arendal hadde høyrt frå dei som hadde vore på misjon, frå søsken og vener, og det høyrdest kult ut og var noko han òg ville prøve.

Han fekk flybillett nokre månadar etter han sende inn søknaden. Etter seks månadar på misjon kunne han både snakke og forstå spansk godt.

Bilete er teke utanfor Vigo Ia Coruna i Nord Spania. – Me pleidde å ta båten for å kome til ei halvøy. Den dagen blåste det alt for mykje, så me tok nokre bilete for gøy. Dette var min kompanjong Eldste Johnson frå Utah

– Du lærer ting, opplever ting og utviklar deg. Eg er til dømes mindre sjenert no enn før misjoneringa. Ein er jo veldig ute av komfortsona og blir pusha på ein god måte. Det er også trygt fordi du er alltid saman med nokon. Og så var det gøy å lære seg spansk og få spanske vener. Det hjelper også på CV-en, fortel han om opphaldet.

Sjølv om han hadde det fint på misjon, veit han om andre som ikkje har hatt same oppleving. Vener som reiste heim fordi dei ikkje ville meir, til dømes.

 Nokre sleit med angst og depresjonar og ville heim. Nokre blir kanskje sendt til litt vanskelege land, og det skjønar eg er vanskeleg, særleg når ein ikkje forstår noko. Ein må jo lære seg eit nytt språk. Men dei aller fleste fullfører nok.

Han poengterer at det er eit frivillig val, og at han har både søsken og vener frå kyrkja som ikkje har dratt misjon.

– Er det vanskelegare eller lettare å misjonere i dag enn før trur du? 

– Det kjem heilt an på kva du meiner med misjonere. Eg trur nok det alltid er vanskeleg, for folk er jo ikkje så interesserte i religion. Nokre gonger følte me det gjekk veldig bra, andre gonger litt treigare. No når eg har høyrt frå dei som er i misjon, er det blitt veldig mykje lettare. Det er jo morosamt, fortel han.

60 misjonærar i Noreg

Ifølgje kyrkja sjølv, er det i dag 13 medlem frå Noreg som tener i heiltidsmisjon. I Noreg er det no 60 misjonærar og tre ektepar, som kjem frå både Noreg og andre land, fortel Vidar Top, ein av leiarane i kyrkjelyden i Skien, på e-post.

Ein stor del av medlemmene av kyrkja mellom 18–25 år reiser på misjon, og internasjonalt er det årleg om lag 53.000 som reiser på misjon. Menn reiser i 2 år, kvinnene i 18 månadar.

Misjonsarbeidet er frivillig, ein får ikkje betalt for arbeidet og betalar i tillegg utgiftene sine sjølve. Det kostar om lag 4700 kr i månaden, så ca. 84.000-112.000 kroner for heile opphaldet.

Det er leiarane sentralt, i Utah, som les gjennom søknadane og vel kor misjonærane skal reise. Ein kan ikkje vere i same by som ein er ifrå, og blir anten sendt til eit anna land eller ein annan by i heimlandet.

Religionssenteret til Jesus Kristi kyrkje av Siste dagars heilage i Oslo sentrum. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Søster Maren Sofie

Eitt minutt frå Holbergs plass i Oslo, ligg lokala til Jesus Kristi kyrkje av Siste dagars heilage, vegg i vegg med ein indisk restaurant. Me ringer på, porten opnar seg, går opp ei trapp og kjem inn i samlingsrommet der om lag 15 unge er samla.

Dei har akkurat hatt 10 minuttar med andeleg tanke, ei slags andakt som i dag handla om å vere seg sjølv, fortel søster Maren Sofie Sande. Etterpå er det fellesmiddag og brettspelkveld.

Ho er ein av misjonærane som tener som frivillig i eige land. Eigentleg er ho frå Vestlandet, men vart sendt til Oslo på misjon.

Etter vidaregåande fann ho ut at ho ville gjere noko anna enn skule.

– Så tenkte eg: Kvifor ikkje berre gjere noko for andre? Det er i grunn 1,5 år der du berre gjer ting for andre, hjelper andre og underviser folk som ynskjer å lære om kyrkja. Det er kjempekult. Eg har elska det!

Maren Sofie. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Hadde du lyst til å reise til Noreg?

– For meg handlar det meir om menneska, enn staden, så eg vart veldig glad faktisk. Eg har elska det. Det er så mange gode menneske her i Noreg. Særleg medlemmane i kyrkja der eg har vore. Det blir som ein familie, fortel ho.

Ho fortel at dei har gått bort ifrå å oppsøke folk på gata, særleg i Noreg.

– Det er jo ganske ubehageleg for folk. Det er veldig viktig for oss at folk ikkje føler seg pressa, og at me møter dei på naturlege måtar. Er me ute kan me sjølvsagt seie hei og smile, men det er ikkje sånn at me berre stoppar tilfeldige folk på gata. Det har eg aldri gjort. Eg har sjølvsagt snakka med folk på bussen og sånt, men det gjorde eg også før eg vart frivillig.

Dagane er ulike, men stort sett går dei i å vere saman med dei andre misjonærane, lese bibelen og å prate med folk. Anten som misjonærar, eller berre for å sosialisere. I tillegg til dette har dei språkkafé der mellom anna ukrainske flyktningar lærer norsk, og på tysdagar er det innebandy. I dag har dei hatt fullt program før sosialisering med middag og brettspel.

– I dag hadde me lunsj med ei av jentene her og hadde litt deep talk om livet og korleis det går med henne. Det var kjempekoseleg. Etterpå møtte me eit ektepar som ynskjer å lære om kyrkja vår, så me underviste dei. Og så har me gått på tur.

Alle misjonærane i Oslo. Foto: Privat

Dei har fem ulike leksjonar dei underviser i og i dag har dei teke med Mormons bok og Bibelen.

– Det er kult å sjå kor glade dei blir! Ofte går folk gjennom tøffe ting, og så ynskjer dei å lære meir om kyrkja, og du ser kor mykje gladare dei blir av det. Korleis det verkeleg forandrar livet deira. Det er kult å få vere ein del av, fortel ho.

I Oslo er det no henne, kompanjongen hennar Abby og seks andre unge som tener. Ein frå Afrika, resten frå USA.

– Me har det kjempegøy saman! Kvar dag kosar me oss, et middag saman, eller berre henger og har det mykje gøy saman. Det er viktig at me har det bra saman.

Ho trur utan tvil at det er lettare å misjonere no enn tidlegare.

– Fordi me prøver ikkje å få folk til å lytta. Før var det nok meir fokus på at ein skulle ut og snakke med mange menneske, men no er det mykje meir fokus på å gjere det på ein naturleg og ekte måte.

Før var det viktig at alle gjorde og sa det same over heile verda, men no er opplegget meir tilpassa dei ulike landa og kulturane.

– I Noreg gjer me det til dømes ganske annleis enn i mange andre land. Nokre land er ein mykje meir opne og det er vanleg å snakke med folk, så då er det mykje lettare å snakka med folk på gata. Men her må ein tilpassa seg kulturen.

– Me er jo ikkje her for å overtyda nokon. Me er her for dei som ynskjer å læra, og underviser dei gjerne, men det er jo opp til dei me møter. Det er veldig viktig.

Ho har no vore i misjon sidan hausten 2020 og er snart ferdig med sine 18 månadar med teneste.

– Har du merka noko korona-effekt?

– Ja, absolutt. Folk ynskjer nok meir å finne fred. Mange har også følt seg einsame i korona, særleg når ein snakkar med folk på bussen blir dei så glade. Det er så mange som berre har takka og sagt at dette gjorde dagen min. Det er skikkeleg rørande å sjå. Folk er mykje meir opne, føler eg, ynskjer å ha kontakt og snakka. Det er ganske rørande.

Ho trur opphaldet kjem til å påverke livet hennar på mange måtar, også etter ho er ferdig.

– Eg har lært så mykje om kven eg ynskjer å vere som menneske, og kva som eigentleg betyr noko for meg i livet. Eg føler eg har fått mogelegheita til å leve eit veldig ekte liv, med menneske i fokus.

Ho fortel at ho før såg mykje på Netflix og alt berre handla om å ha det gøy, men at ho no føler ho har funne meir ekte glede.

– Korleis kan du verkeleg vere der for nokon? Livet er meir enn berre dei overflatiske tinga. Eg føler absolutt at det har hatt ein stor effekt på korleis eg ynskjer å leve livet mitt og kven eg ynskjer å vere i framtida.

Til hausten skal ho gå på Oslo Met og studere til barneskulelærar, og blir dimed verande i Oslo og miljøet ho har funne seg til rette i.

Abby Alysa Poulsen og Maren Sofie. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Søster Abby frå USA (19): – Den kulaste opplevinga i mitt liv

Misjonærar jobbar alltid i tospann, og kompanjongen til Maren Sofie, er Abby Alyse Poulsen (19) frå USA. Dei bur saman og skal vere saman stort sett heile døgnet. Dei bur saman med dei andre misjonærane i ei leigd leilegheit på Carl Berner.

Poulsen har vore i misjon i 10 månadar, men berre to månadar i Noreg. Koronapandemien sette kjeppar i hjula for noregsopphaldet, og ho måtte dimed starte i USA, i Utah. Sjølve hovudstaden for Jesus Kristi kyrkje av Siste dagars heilage. Her er over halvparten av innbyggjarane medlem av kyrkja.

Til vanleg får ein eit seks vekers språkkurs før ein reiser til eit land med eit anna språk, men på grunn av koronarestriksjonar vart det berre fire veker på Abby.

– Etter 8 månadar i Utah, hadde eg gløymt det meste av norsken min, fortel ho på engelsk.

I Noreg har dei språkstudia minst ein time kvar dag, og Maren Sofie lærer ho mykje, fortel Abby.

Abby Alysa Poulsen (19), frå USA. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Ho er sjølv vaksen opp i kyrkja, slik også begge foreldra hennar er.

Då ein av bestevenene hennar, som vaks opp i ein annan religion, ville lære meir om kyrkja vart Abby kasta inn i ein misjonærrolle.

 Det gav meg så mykje glede å sjå nokon kome nærare Kristus. Den gleda var noko eg ville ha meir av, så eg bestemte meg for å reise på misjon i 18 månader. Eg har elska det så mykje.

Ho synest det er kult å sjå at evangeliet ikkje hindrar vanskelege ting, men gir håp for å kome seg gjennom det.

– Det er noko eg er veldig engasjert i, og eg vil at andre skal kunne ha høve til å føle det same.

– Kva er forskjellen på å vere misjonær i Utah og i Noreg?

– Alt! 

Frå opphaldet i Utah. Foto: Privat

Ho forklarar at korleis ein går fram for å hjelpe folk, eller vere frivillig er annleis og at ulike kulturar krev ulike grep.

I Utah var ho frivillig i ein flyktningavdeling med flyktningar frå Sør-Sudan. Så kom ho til Noreg.

Ho trur språkbarriera er det vanskelegaste med å vere misjonær i Noreg. Sjølv er ho frå Sør-Dakota i midt-vesten i USA, der alle snakkar med alle og det er heilt normalt å snakke med framande.

– Her spør eg folk om dei har hatt ein fin dag, og får rare blikk tilbake og spørsmål om dei kjenner meg. Så eg trur det kjem litt brått på, men det er alltid på ein god måte og dei takkar for at me snakkar med dei.

Den amerikanske 19-åringen synest nordmenn er litt avstengde, men at når ein vert kjend med dei så er det dei varmaste folka i verda.

– Eg har merka at når me snakkar meir med dei og byggjer eit forhold med dei og blir kjent med dei på ekte, så er dei mykje meir opne til å snakke om religion og tru. Det er veldig kult, seier Poulsen, som elskar den norske kulturen.

No har ho åtte månadar igjen av opphaldet, og reiser heim att ei veke før jul. Der skal ho halde fram med studiane i kommunikasjonsvanskar ved det mormonareigde universitetet Brigham Young University, i Utah.

– Trur du kvardagslivet ditt kjem til å forandre seg på grunn av misjonen?

– Eg trur definitivt det. Før misjonen var eg meir avslappa rundt trua og forholdet mitt til frelsaren. Når eg kjem heim trur eg at eg tek med meg mykje av dei gode vanane me har skapt her, med å stå opp tidleg, trene kvar dag, daglege bibelstudiar og bønn gjennom dagen. Det vil eg halde på, særleg i kaoset med skule, familie og alt anna i livet, seier ho og held fram:

– Å halde på det kan halde meg meir jorda med frelsaren. Det er der eg likar å vere. Eg trur studievanane eg har lært på misjon også er noko eg vil halde fram med.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!


Les også: Fredrik (24) og Hannah (21) er mormonarar: – Folk har sagt at no blir du lukka inne i ei sekt

Hannah Howard. Foto: Ingvild Eide Leirfall. Fredrik M. Stulen. Foto: Privat