Ny klimarapport: – Klimakatastrofen rykkjer nærare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han kom med åtvaringa onsdag då Meteorologiorganisasjon i verda (WMO) la fram ein ny klimarapport.

– Vi må få slutt på forureininga frå fossil energi og auke tempoet i overgangen til fornybar energi, før vi set den einaste heimen vår i brann, sa Guterres.

I den nye rapporten blir det konstatert at mengda klimagassar i atmosfæren vil halde fram med å stige. Det same gjer havnivået og temperaturen i havet.

Den gjennomsnittlege havtemperaturen steig til eit nytt rekordnivå i 2021.

– Dersom vi samarbeider, kan overgangen til fornybar energi bli fredsprosjektet for det 21. hundreåret, seier FNs generalsekretær António Guterres. Her frå Oslo Forum-konferansen i 2019. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Endrar seg framfor auga våre

Samtidig blir havvatnet surare, sidan stadig meir CO2 blir teke opp i sjøen. Dette gjer forholda vanskelegare for ei lang rekkje dyreartar med skal som inneheld kalk.

– Klimaet endrar seg framfor auga våre, seier WMO-sjef Petteri Taalas.

Han seier havnivået og havtemperaturen vil halde fram med å stige i fleire hundre år så sant det ikkje blir utvikla teknologi som kan suge klimagassar ut av atmosfæren.

Å stanse temperaturauken i havet når han først er i gang, kan samanliknast med å stanse ein supertankar i drift. I dei 2.000 øvste meterane av havet kan oppvarminga halde fram i over tusen år, sjølv om menneskja skulle klare å kutte utslepp.

Stadig stigning

Lufttemperaturane i verda var i fjor prega av vêrfenomenet La Nina. Dermed vart temperaturen i atmosfæren noko lågare enn han elles kunne vore.

2021 vart likevel eit av dei sju varmaste åra som nokon gong er registrert. Den globale gjennomsnittstemperaturen ved bakkenivå låg omtrent 1,1 grad høgare enn i førindustriell tid.

Mengda CO2 i atmosfæren stig jamt og trutt, i takt med dei stadig veksande utsleppa av CO2 frå kol, olje, gasskraft, industri og andre kjelder. Førre månad låg nivået ved målestasjonen på fjellet Mauna Loa på Hawaii på 420 delar per million (ppm).

I same månad i fjor låg nivået på 419 ppm, etter ein oppgang frå 416 ppm i 2020.

– Eit fredsprosjekt

António Guterres tek til orde for ein ny plan med fem punkt for å akselerere satsinga på fornybar energi.

Blant desse er stans i alle subsidiar av fossil energi og tredobling av investeringane i fornybar energi. FN-sjefen meiner også at viktige nye teknologiar – som effektiv batterilagring – bør vere fritt tilgjengeleg for heile befolkninga i verda.

– Dersom vi samarbeider, kan overgangen til fornybar energi bli fredsprosjektet for det 21. hundreåret, meiner Guterres.

Dei siste månadene har likevel klimakrisa og behovet for nye energikjelder hamna lågare på den politiske dagsordenen i mange vestlege land. Årsaka er krigen i Ukraina og ønsket om å bruke mindre russisk gass og olje.

Dermed har det oppstått eit akutt behov for meir gass og olje frå andre leverandørar.

Protest i Stortinget

Samtidig som rapporten til WMO vart lagd fram, aksjonerte gruppa Extinction Rebellion i Stortinget.

– Vi har ein beskjed til dykk! FNs seinaste klimarapport konstaterer at vi har to til tre år på oss til å snu skuta og gi oss ein sjanse til å nå klimamåla, ropte klimaaktivistane før dei vart fjerna av tryggingsvakter og politi.

Ein klimaaktivist frå gruppa Extinction Rebellion vart fjerna av politiet på Stortinget onsdag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Medan miljøvernarar krev stans i oljeleitinga, er det på Stortinget eit stort fleirtal for å halde fram med leitinga. Eit endå større fleirtal vil sikre stabile leveransar av gass til EU, samtidig som EU prøver å kutte bruken av russisk gass.

Også land i andre delar av verda varslar at dei vil halde fram satsinga på fossil energi. India har i vår vore ramma av ei kraftig hetebølgje som har auka behovet for aircondition.

Dermed aukar også straumforbruket. Det indiske koldepartementet har varsla meir bruk av kolkraft, slik at landet får produsert nok straum.


Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0