AUF skuffa over at oljeskattepakken ikkje blei skrota: – Det går som det grin i norsk oljebransje

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg sakna at ein kutta ut oljeskattepakken som blei innført under korona. Han er laga for ei heilt anna tid, då prisen på eit fat olje var 20 dollar – no er han oppe i 107 – og då ein frykta for permitteringar og at investeringar kom til å gå ned og at ein måtte skrinleggje prosjekt.

Det seier AUF-leiar Astrid Hoem i dagens Politisk kvarter på NRK. I går la regjeringa fram sitt reviderte nasjonalbudsjett. Dei strammar inn på fleire punkt, men oljeskattepakken som blei innført under pandemien og som inneheld ei rekkje gunstige skattevilkår for oljenæringa, blir verande.

– No er det høg fart i norsk økonomi, og ikkje minst så går det som det grin i norsk oljebransje, seier Hoem.

Ho meiner det ikkje er tida for ein gunstig skattepakke samstundes som den grøne omstillinga må gå raskare.

Føreseieleg

Frode Jacobsen, Arbeidarpartiet. Foto: Stortinget

Frode Jacobsen, som sit i finanskomiteen for Arbeidarpartiet, svarar at næringa treng føreseielegheit, og at dei ikkje kan endre på ting når verksemder som er i gang med å investere er på oppløpssida.

Jacobsen forklarar at reglane vil vare ut året, og at næringa fortel at pakken verkar og skapar arbeidsplassar.

– Viss vi ikkje hadde gjort dette, så trur vi at vi hadde fått massive nedleggingar og auka arbeidsløyse, understrekar han i Politisk kvarter.

Det viktigaste argumentet han ser for å behalde oljeskattepakken, er at Noreg ifølgje han treng næringa for å ha kompetanse og kapasitet når vi skal satse på havvind.

Han peikar vidare på at regjeringa har føreslått ein ny skattemodell for oljesektoren som skal behandlast i Stortinget i vår.

Må tene fellesskapet

Astrid Hoem meiner det er riktig å kutte ordninga midt i året, då det ikkje lenger uro for permitteringar, men heller etterspurnad etter arbeidskraft.

Ho er mest oppteken av at det skal vere føreseieleg for skattebetalarane.

– Gjennom oljeskattepakka blir det investert i felt som kanskje ikkje blir lønsame for fellesskapet, der det er verksemdene som tener pengar, ikkje det norske fellesskapet.

AUF-leiaren er kritisk til norsk oljebransje, og ønsker å fase ut norsk oljeindustri ganske raskt.

Fleire parti med krav

Unge Høgre står saman med AUF i kravet om å avslutte oljeskattepakken.

– Skattepakken skulle redde ei næring i krise. Han skulle ikkje bidra til ein investeringsboom for felt som kanskje ikkje ville blitt opna, sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til Dagens Næringsliv i forkant av revidert nasjonalbudsjett.

Ifølgje E24 har også SV tatt til orde for å kutte oljeskattepakken.


Jens Håkon Birkeland, landsstyremedlem i Unge Venstre, meiner det er på tide med ei ny folkerøysting om EU. Foto: Magnus Hundvin (Unge Venstre)