Erika skreiv bok om Russlands naboland – no vil «alle» høyre henne fortelje

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erika Fatland kjenner Russland betre enn dei fleste etter å ha reist langs alle dei 14 landa som har grense til Russland, deriblant Noreg. Ideen til boka fekk ho etter at ho drøymde at ho gjekk på eit kart der ho heile tida såg på grensa til Russland.

Omslag: Kagge forlag

No kjem boka i nytt opplag på åtte tusen, og forfattaren blir nedringd av folk som vil høyre meir om både boka og forholda i Russland elles.

Også boka «Sovjetistan», som kom ut i 2014, har vore utseld frå forlaget og kjem i nytt stort opplag.

Meiningslaus krig

Vi møter den travle forfattaren på kafé i Oslo medan ho tek seg ein kort pause frå førebuingane til neste bokprosjekt.

– Eigentleg skulle eg ha halde foredrag om den siste boka mi, frå Himalaya, men no er det krigen i Ukraina som opptek folk, så no blir det i staden forholda i Russland og Ukraina det handlar om.

– Kva tenkjer du om det som skjer i Ukraina no?

– Eg synest det er ein ufatteleg tragedie. Først og fremst for menneska i Ukraina, men også for Russland som får heile økonomien sin øydelagt og dagleg sender tusenvis av unge menn ut som soldatar i det som er ein totalt meiningslaus krig.

Sjølv for ei som kjenner tilhøva i Ukraina og Russland godt, kom den brutale krigen overraskande.

– Det gir inga rasjonell meining at Russland skal gå til krig mot ein nasjon som står dei så nær både kulturelt og språkleg og der så mange er i familie med kvarandre over landegrensene, seier ho og held fram:

– Samstundes veit vi at Putin er i stand til å utføre særs brutale handlingar. Det såg vi blant anna i krigen mot Tsjetsjenia, der han bomba Groznyj til det var ingenting igjen av byen. Slik sett er kjem det ikkje overraskande at krigen er så brutal og øydeleggjande.

Skjermdump frå TikTok @valerisssh

Frå slakteriarbeidar til vegetarianar

Erika Fatland er frå gard og er fødd og oppvaksen i Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland. Familien driv eit av Noregs største slakteri. Sjølv fekk ho debuten sin i slakteriet alt som 10-åring.

– Det naturlege hadde kanskje vore at eg hadde byrja i kantina eller med å pakke karbonadar. Men far min sette meg til å jobbe i grovstykkavdelinga. Der stod eg med eitt i det som lokalt blir kalla «litla helvete», fortel ho og held fram:

– Han tenkte at han måtte sette meg i skikkeleg arbeid, eg som berre dreiv rundt og las bøker heile sommaren. Det gjekk heldigvis ikkje meir enn eit par dagar før Næringsmiddeltilsynet kom på umeldt besøk, og så vart eg heldigvis flytta til ei anna avdeling.

Etter å ha vakse opp i blant slakterifolk er det mange som blir overraska over at forfattaren har enda opp som vegetarianar.

– Familien min trudde først at det var eit ungdomsopprør, men no har dei forsona seg med at det er slik det er. Eg er ikkje imot at folk et kjøt, men for meg har bakgrunnen frå slakteriet rett og slett gjort at eg har fått nok av død og blod. Dessutan er det ikkje berekraftig å ete så mykje kjøt som mange gjer i dag, seier ho.

Ville ut i verda

Heilt sidan ho var åtte år gammal har Fatland bore på draumen om å bli forfattar. Men det var litt vanskeleg å gå rundt i den vesle bygda og ha slike store draumar.

– Det var ikkje mange slike som meg då eg vaks opp og eg fann tidleg ut at eg ville ut i verda. Ungdomstida var vanskeleg, og eg kom i ein klasse der det var eit dårleg miljø. Kanskje var ikkje ungdomstida mi vanskelegare enn for andre, men for meg var det viktig å komme meg fortast mogeleg ut for å oppleve verda og lære meg nye språk.

View this post on Instagram

 

A post shared by Erika Fatland (@erika_fatland)

Forfattaren flytta derfor heimanfrå som 16-åring for å gå på vidaregåande i Frankrike og sidan Finland. Etterpå utdanna ho seg til sosialantropolog, men forfattardraumen hadde ho med seg heile tida.

– Eg vil oppmode andre ungdomar til å kome seg ut og lære seg andre språk og kulturar. I dag er det altfor mykje fokus på at ein skal kome seg ut i jobb fortast mogleg for å byrje å tene seg opp med pensjonspoeng, seier ho.

Drøymde om å skrive den store romanen

Sjølv etter mange kritikarroste og populære bøker meiner Fatland at ho enno har til gode å skrive den store skjønnlitterære boka, den store romanen.

Ho byrja med å skrive barneboka «Foreldrekrigen» og har halde fram med å skrive sakprosabøker med heilt spesielle reiseskildringar blant anna frå Tsjernobyl.

Forfattaren frå Ølen slappar av mellom foredrag og skriving. Bøkene «Grensen» og «Sovjetistan» kjem begge i nye opplag etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina. Foto: Eli Strand / NPK

– Eg brukar lang tid på research til bøkene mine, og då eg skulle skrive «Grensen», reiste eg i til saman 259 dagar fordelt på to lange og to litt kortare reiser. Då mannen min høyrde om ideen min om å reise gjennom dei 14 landa, trekte han berre teppet godt over hovudet fordi han med ein gong forsto at det var ein god idé og at eg kom til å vere vekke lenge. Heldigvis er han sjølv forfattar og støttar meg i mine mange og tidkrevjande prosjekt.

Mannen ho snakkar om er den kjente forfattaren Erik Fosnes Hansen. Dei er alltid den første til å lese kvarandre sine bøker, og Fatland omtalar han som sin faste og næraste redaktør.

For tida jobbar ho med eit nytt bokprosjekt som handlar om det portugisiske emperiet, ei bok som ikkje er venta å kome ut før i 2024.

– Så då går det vel endå fleire år før den store romanen kjem frå Erika Fatland?

– Kven veit, kanskje kjem eg plutseleg med den store slakteriromanen, ler forfattaren.


Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat

Erika Fatland

  • Fødd i 1983
  • Forfattar og sosialantropolog. Snakkar åtte språk, blant dei russisk.
  • Debuterte med i 2009 med barneboka «Foreldrekrigen». Er kjend for bøker som «Englebyen – historier fra Beslan» (2011), «Sovjetistan» (2015), «Høyt – en reise i Himalaya» (2020) og «Grensen – en reise rundt Russland» (2017).
  • I sistnemnde reiste ho gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Kviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Noreg – pluss Nordaustpassasjen.