Russland krev at Wikipedia slettar artiklar om krigen

Vil krevje at Wikipedia betalar 400.000 kroner i bot for å ha spreidd «falsk» informasjon.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russiske styresmakter krev at Wikipedia skal slette fem artiklar frå sine sider om krigen i Ukraina.

Det skriv statlege russiske nyhendebyrå, ifølgje svenske Aftonbladet.

Det var ABC Nyheter som fyrst omtalta saka i Noreg.

Fire millionar rublar i bot

Wikipedia skal dei siste dagane har motteke fleire forespurnadar frå den russiske statsadvokaten, og det vert hevda at Wikipedia gir falsk og misvisande informasjon.

Russiske styresmakter vil halde Wikipedia ansvarleg dersom dei nektar å fjerne informasjonen, og vil krevje ei bot på om lag fire millionar rublar (415.000 kroner) for å ha spreidd «falsk» informasjon til det russiske folk.

Skjermdump frå Wikipedia. Klikk for å forstørre.

Ulovleg å kalle det ein krig

I Russland er det nemleg ulovleg å kalle krigen for ein krig. Ifølgje styresmaktene er det ein «militær spesialoperasjon».

Det betyr også at dei som sprer «feil» informasjon om krigen i Ukraina kan verte straffa med inntil 15 år i fengsel.

– [Lova] kan rettast mot alle borgarar som fortel sanninga, sa Olga Lautman til VICE i mars. Ho er Kreml-analytikar hjå Center for European Policy Analysis.

Det er dimed vanskeleg for innbyggjarane i Russland å finne god, truverdig informasjon om krigen i Ukraina.

Uavhengige aviser vert stempla som «utanlandske agentar», sensurerte og eller tvinga ut av landet, og dei statlege media skildrar eit heilt anna bilete enn den røyndomen ukrainarar har levd i den siste månaden.

Dei fortel at Russland driv ein «fredsbevarande innsats», der dei vil «demilitarisere og denazifisere Ukraina». Dei fortel ikkje at Russland har brote folkeretten ved å invadere nabolandet, og om dei hundretals sivile som vert drepne av luftåtak og bomber.

Frå 500 til 42.000 lesarar

Dagleg leiar for Wikimedia Norge, Astrid Carlsen, seier til ABC Nyheter at artikkelen om Ukraina på Wikipedia skaut fart den dagen Russland invaderte Ukraina.

I januar var snittet på lesarar på artikkelen om Ukraina litt under 500. 24. februar, dagen Russland invaderte Ukraina, var det 42.000 sidevisningar.

Artikkelen med tittelen «Russlands invasjon av Ukraina 2022» finst no på 114 språkversjonar av Wikipedia. Den russiske artikkelen på Wikipedia er den nest mest besøkte, etterfulgt av den engelske artikkelen, fortel Carlsen til ABC Nyheter.

– Motsetnad til ekkokammer i sosiale medium

Astrid Carlsen, dagleg leiar i Wikimedia Norge. Foto: Aleksandar N. Zecevic/Wikimedia Norge

Nettmagasinet Slate har også teke for seg Wikipedia si dekning av krigen, både på dei engelske og russiske Wikipedia-sidene.

Den viser mellom anna at bidragsytarane på russisk Wikipedia har opne diskusjonar om den pågåande invasjonen.

– På Wikipedia kan alle bidra anonymt, og det er avgjerande for at russiske bidragsytarar trygt kan bidra, seier Carlsen til ABC Nyheter.

Ho fortel at prinsippa om nøytralitet og at ting kan dokumenterast er blant dei aller viktigaste for alle bidragsytarar, uansett nasjonalitet og tilknytning.

– Denne openheita gjer også at Wikipedia blir ekstra viktig i krigs- og krisesituasjonar, og er ei klar motsetnad til ekkokammer i sosiale medium.

Fryktar blokkering av Wikipedia

Russland har med dei nye lovene jaga ut store, internasjonale mediebyrå. I tillegg har dei blokkert Facebook og Instagram, og mange fryktar no at dei også vil blokkere Wikipedia.

1. mars, ei veke etter invasjonen av Ukraina, kom det meldingar om at Russland ville blokkere russisk Wikipedia, ifølgje Slate.

Fleire lastar no ned heile Wikipedia på russisk, for å kunne behalde informasjonen dersom sida skulle bli blokkert i Russland.

Etter krigen er Russland landet med flest nedlastingar av Wikipedia-artiklar. Heile 105,889 gonger vart den russiske Wikipedia lasta ned i første halvdel av mars.

I 2017 blokkerte Tyrkia Wikipedia, etter at den engelske versjonen skreiv om statsstøtta terrorisme og skildra Tyrkia som sponsorland for terrorgrupper som IS og Al-Qaida.


Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat