Fryktar kinesisk invasjon: «Ukraina i dag, Taiwan i morgon»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håper situasjonen mellom Kina og Taiwan er lik trusselen frå Nord-Korea mot Sør-Korea. Dei snakkar om å angripe heile tida, men dei gjer det ikkje, seier Jenny Chang.

Den 29-år gamle omsetjaren og frilansaren kjem frå Taipei, hovudsete på den sjølvstyrte øya Taiwan som Kina meiner er ein kinesisk provins.

Jenny Chang (25) frå Taiwan vil ikkje la seg påverke av kinesiske krefter.

Arkivfoto av Jenny Chang. Foto: Amanda O. Berg

Trugselen om kinesisk invasjon har hengt over Taiwan i nærmare åtti år. Men dei siste to åra har situasjonen blitt meir betent.

Kina sender stadig krigsfly over Taiwans farvatn, og Kina har nyleg tatt politisk kontroll over naboen Hongkong.

Samtidig seier Kinas president Xi Jinping i ei tale at ei sameining med Taiwan må skje og skal bli gjort på fredeleg vis, men at «det kinesiske folk har ein strålande tradisjon med å motarbeide separatisme».

Chang fortel at kvardagen går sin gang i Taiwan, til trass for den overhengande trusselen. Ho er likevel bekymra for framtida til øya.

– Eg trur den største trusselen frå Kina er krigføring på internett. Informasjonskrig og påverking gjennom popkultur. Den yngre generasjonen er eksponert for innhald som er pro-Kina på TikTok eller andre videotenester. Det skjer så mykje at dei ikkje ein gang veit om dei er påverka eller ei, seier ho.

Illustrasjon: Framtida.no

Informasjonskrig

Kinesisk informasjonskrigføring har heldt på ei stund, meiner Raymond C. E. Sung, jurist og viseadministrerande direktør i Taiwan New Constitution Foundation.

– Kinas krigføring skjer på fleire frontar. Kina har kjøpt opp fleire tradisjonelle mediehus, og dei spreier desinformasjon på internett og sosiale media. Eg har ei 17 år gammal dotter, og ser innhaldet ho blir eksponert for. Det gjer meg bekymra, fortel Sung.

Raymond C. E. Sung er viseadministrerande direktør i Taiwan New Constitution Foundation. Foto: Privat

Splitta identitet

Sung deler sine bekymringar med andre foreldre. Han trur forsøket på å påverke unge kan slå ut på to måtar:

– Enten vil dei kjenne ein kulturell nærleik til den unge generasjonen i Kina, sidan dei interagerer på same plattformer. Vi ser for eksempel at nokon synest det er kult å skrive med forenkla kinesiske teikn, slik dei gjer på fastlandet (Taiwan bruker framleis tradisjonelle teikn, journ.anm).

– Eller så vil det slå ut heilt motsett. Når unge på Taiwan pratar med unge på fastlandet, vil dei også sjå kor ulike dei er frå kvarandre. På den måten kan det bli med å styrke den taiwanske identiteten,  meiner Sung.

Omtrent 90 prosent av Taiwans 23 millionar innbyggjarar har røter frå fastlands-Kina. Men ein studie frå i fjor viste at 63 prosent av befolkninga identifiserte seg som taiwansk, mens 32 prosent som både  taiwansk og kinesisk. Trenden er tydeleg: I 1992 var det berre 18 prosent som identifiserte seg som  utelukkande taiwansk, mens 46 prosent som både taiwansk og kinesisk.

Usikker støtte frå USA

På internett florerer det av ordtak som «Ukraina i dag, Taiwan i morgon!». Nokon er redd Beijing vil utnytte at Vesten har alle auge retta mot Aust-Europa og invadere Taiwan. Andre er bekymra at USA sitt fråvær i Ukraina vil ha ein oppmuntrande effekt på Kina sitt leiarskap.

Raymond Sung trur ikkje krigen i Ukraina gjer det enklare for Kina å invadere Taiwan.

– Russland sin invasjon har ikkje gått som planlagt. Det kan auke terskelen for Kina, seier han.

Taiwan er avhengig av støtte frå USA om Kina invaderer. USA har vore uklare kor dei står, men Sung trur det er av global interesse at USA beskyttar Taiwan frå ein kinesisk invasjon.

– USA har mykje på spel i relasjonen mellom USA og Taiwan. Taiwan er nær USA når det kjem til demokratiske verdiar. I tillegg har Taiwan sin plass i den globale økonomien, seier Sung og utdjupar:

– Øya er geografisk plassert slik at dei har kontroll over skipsvegane i Taiwanstredet, som er ei viktig maritim rute mellom Nordaust- og Søraust-Asia. Ei endring av makta i Taiwan vil få store økonomiske konsekvensar for heile området.

Bilete frå Taipei i Taiwan. Foto: 毛貓大少爺/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

Redd for å forsvinne

– Det hender eg blir redd, seier Jenny Chang.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjere viss Kina invaderer. Eg er ikkje ein av dei rike som kan fly til utlandet når ting ikkje er på stell her. Eg tør heller ikkje reise til Kina fordi eg kan «forsvinne», fortel Jenny Chang.

Fleire taiwanske aktivistar skal ha forsvunne etter at de reiste til Kina. Den mest profilerte er menneskerettsaktivisten Lee Ming-che som forsvann i Macau. Ti dagar seinare blei det kjent at han var arrestert, sikta for å «undergrave statsmakta».

Raymond C. E. Sung trur det vil bli meir av liknande forsvinningar om Kina tar over Taiwan.

– Historia kan tyde på at det vil bli «reinsing» av motstandarar – drap, arresteringar, forsvinningar og tvangsarbeid. For andre vil det vere eit vindauge for å bli skåna i bytte mot truskap til partiet. Det er  slik kommunistpartiet styrer befolkninga, som vist med det som skjer i dag i Kina, Hongkong og  Xinjiang.


Ein ukrainsk brannmann dreg brannslangar inn i ein stor fabrikk som er øydelagd av luftåtak. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda