Studie: Katten din er truleg ein psykopat

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 03.05.2022 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om utrydningstruga reptilar

Har du tenkt over at den søte katten du deler hus med, kanskje er ein liten psykopat? At han har vonde hensikter og eigentleg berre er eit utspekulert, lite vesen? Då er du ikkje åleine – for no har ei rekkje forskarar gått saman for å finna ut om det kan stemma at kattar har psykopatiske trekk.

– Våre eigne kattar og dei forskjellige personlegdomane deira, inspirerte oss til å starta denne forskinga, seier Rebecca Evans til Vice/Motherboard.

Ho er ein av forskarane bak studien, som er gjort ved University of Liverpool og Liverpool John Moores University i Storbritannia. Forskinga slår fast at dersom menneske hadde hatt dei same personlegdomstrekka som kattar, ville dei blitt omtalt som ein psykopat, skriv Vice.

Måtte svara på fleire spørsmål om katten sin

Studien om personlegdomstrekka til katten, er publisert i Journal of Research in Personality. Funna er basert på svar forskarane har fått inn frå totalt 549 katteeigarar, som måtte svara på 46 spørsmål om kjæledyret sitt.

Spørsmåla var mellom anna om katten deira oppsøkte farlege situasjonar, om han klatrar veldig høgt, om han er dominant i nærmiljøet sitt, om han krev kontinuerleg merksemd eller om han kommuniserer med eigaren ved bruk av høge mjau.

Her kan du sjå alle spørsmåla eigarane fekk.

Kattar har bestemt seg for å vera vonde

Basert på svara forskarane fekk inn, har dei konkludert med at dei fleste kattar er psykopatar. I det legg dei at kattane har bestemt seg for å vera vonde, og at dei manglar evna til å forstå sine eigne avgrensingar.

Og dette kunne fleire av forskarane kjenna att i sine eigne kattar. Minna Lyons, ein av dei andre forfattarane bak studien, har fortalt at ho vart inspirert av sin eigen katt, som heiter Axel. Ho beskriv han som ein hårete og grådig liten skapning.

– Axel deltok i ein del av studien, der me såg på korleis kattane brukar dagane sine til å bevega seg rundt i nærmiljøet sitt. Det viste seg at Axel er ein dristig type som er kjent for å gå inn i husa til naboar, i bilar og garasjar for å leita etter mat, seier Lyons – og legg til at dette er eit teikn på ein skikkeleg kattepsykopat.

Forskarane meiner at dei psykologiske trekka stammar frå kattane si fortid som ville dyr, og at tigrar og løver har mykje av den same mentale tankegangen. Akkurat det er kanskje litt vanskeleg å tenkja, når du ser det søte vesenet som mel og kosar seg ved sidan av deg i sofaen.


Sju månader gamle Dolly. Den klona sauen er fotografert på Roslin Institute 25. februar 1997. Foto: AP Photo/Paul Clements