Stamceller og kjæledyrkopiar – 25 år sidan Dolly vart klona

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For litt over 25 år sidan klona menneska det første dyret. Det høyrest heilt science fiction ut, men det er faktisk sant!

Allereie i 1996 greidde forskarane kunststykket å klone verdas første pattedyr, men først i februar året etter blei dette presentert for omverda.

Dyret dei klona, var ein sau. Denne sauen fekk namnet Dolly, og blei kjendis over natta.

Kvar står kloning no, 25 år etter at forskarane sjokkerte verda og Dolly tok steget inn i rampelyset? Har vi klona menneske? Kan du klone hunden din, slik at han aldri vil «døy frå deg»?

Vi har spurt Bioteknologirådet om kloning:

Kloning

Stine Hufthammer Indrelid i Bioteknologirådet er cellebiolog. Ho forklarar at vi har mange celler i kroppen vår, og i kvar av cellene finst det ein cellekjerne med den same «oppskrifta» i form av DNA.

Kvar einaste celle har altså all informasjon som er naudsynt for å lage eit heilt individ.

Dolly blei til ved at forskarar tok ut cellekjernen i ei befrukta eggcelle frå ein sau, og i staden sette inn ein cellekjerne frå ein annan sau. Den nye cellekjernen var henta frå ei hudcelle frå juret, forklarar Indrelid.

– Så blei eggcella sett inn i livmora til ein tredje sau (ein «surrogatsau»), og fekk utvikle seg til Dolly.

Illustrasjonsfoto: Braňo via Unsplash

Dolly blei klona ved Roslin Institute i Edinburgh, i samarbeid med det privateigde selskapet PPL Therapeutics Plc.

Dei prøvde å klone 276 embryo, men det var berre eitt vellukka resultat – og det blei Dolly.

Vitskapleg gjennombrot

Kloninga av Dolly var eit stort vitskapleg gjennombrot. Det var første gong ein hadde klart å lage ein genetisk kopi av eit pattedyr med utgangspunkt i DNA-oppskrifta henta frå ei kroppscelle.

– Dette opna for fleire moglegheiter både basert på det vi kallar reproduktiv kloning – det å lage ein genetisk kopi av eit individ, som med Dolly, – og det vi kallar terapeutisk kloning, fortel Indrelid i Bioteknologirådet.

Stine Hufthammer Indrelid er cellebiolog og seniorrådgjevar hjå Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Målet med terapeutisk kloning er ikkje å lage eit nytt individ, men å lage stamceller med det same genetiske innhaldet som personen som er klona.

Tanken er at slike stamceller kan bli brukte i forsking eller til medisinsk behandling for å erstatte skadde celler eller vev, til dømes etter eit hjarteinfarkt, Alzheimers eller Parkinsons. Kroppen til pasienten vil ikkje avvise desse cellene sidan stamcellene får same genetisk innhald som pasienten.

Kontroversiell kloning

Sjølv om kloninga av Dolly var stort for vitskapen, førte det òg med seg kontroversar. Stine Hufthammer Indrelid fortel at Dolly fekk enorm merksemd då nyhenda blei kjent i februar 1997.

– Fødselen hennar førte til mykje debatt. Medan mange forskarar såg at kloningsteknologi kunne gjere viktige framsteg innan biologi og medisin mogleg, såg kritikarar på den nye kloningsteknologien som usikker og uetisk.

Spesielt var mange redde for at det naturlege neste skrittet ville vere å klone menneske.

– Reproduktiv kloning av menneske var jo eitt av framtidsscenarioa mange var redde for på slutten av 1990-talet. Men dette har jo ikkje skjedd enda, trass i at forskarar har klart å klone aper, slik at det truleg også er teknisk mogleg å klone menneske.

Indrelid forklarar at ein så langt har avstått frå å klone menneske av fleire grunnar.

– Reproduktiv kloning er teknisk krevjande. For menneske vil det vere etisk vanskeleg å akseptere at mange embryo eller foster døyr i prosessen. Det vil òg vere vanskeleg å godta ein risko for at menneske som er blitt til ved kloning kan utvikle helseproblem eller få eit kortare liv.

Sauen Dolly vart berre seks år gamal. Normalt lever slike sauar i 11-12 år. Ho blei avliva fordi ho hadde ein alvorleg lungesjukdom. Dolly var i tillegg halt av gikt.

Det har vore diskutert om klonar får kortare liv, men ulike studiar har hatt ulike konklusjonar. Ein studie tyder på at klona sauar stort sett lever «normale» liv.

Illustrasjon: Colourbox

Mange meiner òg at kloning av menneske er uetisk.

– Det å velje ut og klone individ med ønska eigenskapar bryt nok med menneskeverd, og prinsippet om at alle menneske har lik verdi, og er difor for mange ikkje etisk akseptabelt.

Cellebiologen meiner desse prinsippa framleis står så sterkt at dei som vil prøve å klone menneske vil møte mykje motstand både frå folk flest, media og forskarar.

– Om nokre er villige til å krysse desse barrierane i framtida gjenstår å sjå.

Genmodifiserte dyr

Enn så lenge driv altså ikkje forskarane og lagar kopiar av menneske. Reproduktiv kloning blir derimot brukt i dag innan forsking. Indrelid trekker fram at ein kan lage genetisk like kopiar av dyr som kan vere nyttige i mellom anna medisinsk forsking, ved at ein til dømes kan teste medisinar i dyr med same genetiske bakgrunn.

Reproduktiv kloning er også ein av teknikkane som blir brukt når ein lagar genmodifiserte dyr.

– Vi har i dag til dømes geiter som har fått sett inn gener som gjer at dei produserer menneskemedisinar i geitemjølk.

I husdyravl har ein gjerne valt ut nokre individ som har spesielt gunstige eigenskapar som ein brukar som avlsoksar eller hestar som får mange avkom.

– Desse kan vi ønske å klone for å sikre oss å ha ein erstattar når ein spesielt verdifull avlsokse døyr.

Klonar tilbake daude dyr

Indrelid i Bioteknologirådet trekker vidare fram ein annan type kloning som mange synest er spanande, nemleg det å klone tilbake daude dyr.

– Viss ein har heile celler med komplett genetisk materiale frå eit daudt dyr så kan ein lage ein genetisk kopi av dette dyret. Dette kan ein bruke til å klone tilbake utrydda dyr eller til å hjelpe innavla populasjonar som held på å døy ut, forklarar ho.

Til dømes finst det i Nord-Amerika ein utryddingstrua og liten populasjon med svartfota ilderar. Dei 400 til 500 dyra som finst stammar alle frå berre nokre få dyr. Populasjonen er difor svært innavla og utsett for sjukdom.

– I 2020 blei ein svartfota ilder som hadde lege i frysaren sidan 1988 henta fram og klona, fortel Indrelid.

Resultatet er svartfotilderen Elizabeth Ann. Forskarane håpar ho kan bli mor til nye svartfotilderar og bidra med verdifullt genetisk mangfald til den trua populasjonen.

Vi har òg greidd å klone tilbake eit dyr frå ein allereie utdøydd art – den pyreneiske fjellgeita. I 1999 døydde det siste dyret av denne arten ut i dei spanske fjella, men forskarar hadde sikra seg celler frå geita før ho døydde.

Fjellgeita fremst illustrerer den no utdøydde arten. Illustrasjon: Joseph Wolf/Offentleg eigedom.

– I 2003 lukkast forskarar med å klone fjellgeita tilbake, men gleda blei kortvarig. Geiteklonen døydde nemleg få minutt etter fødsel. Slik blei pyreneisk fjellgeit den einaste dyrearten som er utrydda to gongar.

Kjæledyrfabrikk

Om teknologien er komen så langt at ein kan klone utdøydde dyr, kva då med menneskets beste venn? Kan ein til dømes klone kjæledyret sitt?

– Ja. Det finst faktisk nokre kommersielle firma som tilbyr kloning av kjæledyr både i Kina og i USA, svarar Indrelid.

Ho fortel at til dømes ViaGen Pets tilbyr seg å klone hunden din for 50.000 dollar, katten din for 35.000 dollar eller hesten din for 85.000 dollar.

Men, ho forklarar vidare at sjølv om det nye dyret vil vere ein genetisk kopi av kjæledyret ditt, vil det ikkje bli heilt identisk med dyret som er klona.

– Vi veit jo også at to einegga tvillingar ikkje er heilt like kvarandre sjølv om dei er genetisk like.

Det er fleire årsaker til at klonen aldri blir heilt lik det gamle kjæledyret. I tillegg til DNA-et som ligg i cellekjernen, har menneske og dyr også litt DNA i det som heiter mitokondriane, som ligg utanfor cellekjernen. Mitokondriane vil følgje med eggcella ved kloning, slik at klonen vil ha genmateriale frå fleire individ.

Det er òg andre ting enn genetikk som spelar inn på korleis dyret blir – både åtferd, kosthald og miljø kan påverke korleis gena fungerer. Kjæledyret ditt har i tillegg ein eigen personlegdom og minne om opplevingane de har hatt saman.

– Tankar, kjensler og livshistorie kan ikkje klonast.

Kloning i framtida

Ifølgje Stine Hufthammer Indrelid i Bioteknologirådet er kloning framleis komplisert, tidkrevjande, dyrt og lite effektivt.

Av alle dyr som blir klona er det berre nokre få prosent som overlever fram til fødselen.

– Kanskje klarar ein å løyse dette problemet i framtida, men reproduktiv kloning vil nok likevel først og fremst vere aktuelt å bruke innan dei områda eg har nemnt: Å erstatte dyr med spesielt viktige eigenskapar (for avl eller for å «vekkje til live» eit daudt kjæledyr eller ein utdøydd art), eller for å lage genetiske like dyr for forsking.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen