Nordic Mining får behalde driftsløyve: – Klaga har likevel ikkje vore forgjeves

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klaga til miljøorganisasjonane vert avvist. Nærings- og fiskeridepartementet opprettheld tildelinga av driftskonsesjon til Nordic Mining.

Næringsminister Jan Christian Vestre.
Foto: NTB Kommunikasjon / Statsministerens kontor

– Departementet har gått grundig gjennom saka og kome fram til at selskapet etter gjeldande minerallov må innvilgast driftskonsesjon, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding og held fram:

– Klaga har likevel ikkje vore forgjeves: Eg har lytta til miljørørsla og stramma inn miljøkrava i driftskonsesjonen betydeleg. Det har vore viktig for meg å gå så langt som mitt handlingsrom tillèt.

Sivil ulydnad

I godt over ei veke har aksjonistar stogga det førebuande anleggsarbeidet ved Førdefjorden, i protest mot det planlagde gruveprosjektet i Engebøfjellet.

– Eg er villig til å bryte lova for å hindre dei alvorlege konsekvensane gruvedumpinga kan ha for fjorden, sa Johanna Haukanes Leivestad (19) til Framtida.no tidlegare denne veka. Ho har brukt delar av russetida si på å lenkje seg fast til ei gravemaskin i Vevring.

Onsdag og torsdag denne veka arresterte politiet fleire aksjonistar for å drive sivil ulydnad. Aleksander Snarheim var den første som vart arrestert, og til Framtida.no fortalde 19-åringen at han ikkje godtek bota, men heller vil føre saka i retten.

– Vår rett til å beskytte naturen er større enn Nordic Mining sin rett til å øydelegge han, seier Aleksander Snarheim etter å ha vorte arrestert for sivil ulydnad. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0

– Eg meiner at dette ikkje er ei sak, at det er inga straffskuld. Eg er klar over at eg lenkja meg fast og ikkje flytte på meg då politiet bad meg om det, men eg meiner det ikkje vil vere rett av rettssystemet å dømme oss for å lenkje oss for fjorden, sa han til Framtida.no.

Tre tilleggsvilkår

I ei pressemelding opplyser næringsministeren at driftsplanen til Nordic Mining må vere godkjend av Direktoratet for mineralforvaltning før gruveselskapet kan starte utvinninga i Engebøfjellet.

Det vil berre skje om dei skjerpa miljøkrava vert oppfylte.

Miljøkrava i driftskonsesjonen er skjerpa inn med tre tilleggsvilkår:

1: Krav om størst mogeleg ressursutnytting av førekomsten. Delen overskotsmasse skal verte redusert i alle prosessar, slik at behovet for deponering vert minst mogeleg, basert på best tilgjengeleg teknologi og beste tilgjengelege drifts- og deponeringsmetodar. Selskapet skal ha mål og planar om årleg reduksjon av overskotsmassar, og rapportere om dette.

2: Selskapet skal greie ut korleis dagbrot og underjordsdrift kan verte drive på ein slik måte at ein størst mogeleg del av overskotsmassane kan verte tilbakefylte i utdrivne område.

3: Selskapet skal nytte utsleppsfrie, alternativt fossilfrie maskiner, og ha mål og planar for årleg reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslepp, og anna miljøpåverknad som til dømes kjemikaliebruk og avfall.

Før selskapet kan starte utvinninga i Engebøfjellet må driftsplanen vere godkjend av Direktoratet for mineralforvaltning, noko som berre vil skje om dei skjerpa miljøkrava vert oppfylte.

Vil vurdere framtida til sjødeponi

Nærings- og fiskeridepartementet jobbar med ein ny mineralstrategi, som skal verte lagt fram i løpet av året.

– Vi vil mellom anna søkje ny kunnskap om ulike deponeringsformer, under dette vurdere framtida til sjødeponi, seier Vestre i pressemeldinga.


Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0