Kopargigant trekker seg frå Nussir-prosjekt – jubel i protestleir

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 23. juli har Natur og Ungdom og ei rekkje andre halde leir ved Repparfjord. Dei har protestert mot den planlagde gruvedrifta i området og dumpinga av gruveavfall i fjorden.

No har den tyske kopargiganten Aurubis bestemt seg for at dei ikkje vil kjøpe koparen likevel, og avsluttar intensjonsavtala si med det norske gruveselskapet Nussir ASA.

Nyheita gjer at jubelen står i taket i teltleiren.

– No skjønar vi kvifor gravemaskinene ikkje har kome, trass i at Nussir ASA i tre veker har sagt at aksjonistane har tøygd strikken. Å få investorar og kjøparar til å ta avstand frå prosjektet har vore eit av hovudmåla med protestleiren, og i dag har vi fått eit stort gjennomslag.

Det seier Beaska Niillas, styremedlem i Redd Repparfjord, i ei pressemelding.

Ber regjeringa trekke Nussir-løyve

I ei pressemelding skriv Aurubis at endå dei anerkjenner og ynskjer gruva si tilnærming til CO2–nøytralitet velkomen, så er det viktig for Aurubis at alle berekraftskriteria er oppfylte. Koparprodusenten viser til at dei òg laut ta omsyn til sosial berekraft i prosjektet.

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie har trua på at Aurubis-avskjeden vil bety over og ut for Nussir-gruva:

– Ingen andre investorar eller regjeringa kan sjå dette som eit grønt prosjekt lenger. Dette må vere eit nådestøyt for prosjektet, og den siste brikka regjeringa treng for å trekke løyva frå Nussir.

NSR: – Gruveprosjekt som bryt med urfolksrettar bør ikkje verte realiserte

I ei pressemelding seier Norske Samers Riksforbund (NSR) at det er eit veldig sterkt signal når ein av verdas største koparprodusentar ser at gruveprosjektet til Nussir ikkje er foreineleg med deira samfunnsstandardar.

– Aurubis vil ikkje verte assosiert med forureining av fjordane og overkøyring av urfolk sine rettar, seier presidentkandidat Silje Karine Muotka (NSR) i pressemeldinga. 

NSR har tidlegare i august skrive brev til Aurubis der dei opplyste om kva konsekvensar Nussir-gruva ville ha for samiske interesser, og oppfordra selskapet til å avslutte kontrakta.

– Gruveprosjekt som bryt med urfolksrettar bør ikkje verte realiserte. Det er endå ikkje for seint å snu i Nussir-saka, og vi håpar at eit nytt Storting vil vurdere saka på nytt, seier NSR-leiar Runar Myrnes Balto i pressemeldinga.


Lea Justine Nesheim (20) frå sørlandet og Stian Garcia-Godos Wiig (20) frå Oslo har dratt til Hammerfest på protestleir med Natur og Ungdom. Dei fortel at det er mellom ti og 60 menneske der, avhengig av programmet for dagen. Foto: Inga Márjá Utsi.