Val i Portugal: – Dei gamle bryr seg ikkje, det einaste dei bryr seg om er pengar

Emilie Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 30. januar er det val i Portugal, ettersom den noverande regjeringa ikkje fekk gjennomslag for statsbudsjettet i oktober.

– For meg er den viktigaste saka at arbeidarklassa får betre levekår og fleire rettar. Heile familien min er arbeidarar, og eg synest ikkje vi blir behandla med nok respekt, seier Leandro Salgado (17) til Framtida.no i Arroios i Portugal.

Salgado er ikkje gammal nok til å stemme endå, men han hadde gjort det om han var over 18.

Unge og venstreliberale

17-åringen er ikkje heilt sikker på kva parti han likar best, men han veit kva han trur på og kva han står for. Han identifiserer seg mest med dei venstreliberale, noko han trur fleirtalet av dei unge gjer.

– Eg trur dei fleste unge er på venstresida fordi dei ønskjer endring. Venstresida tek vare på alle sine rettar. Dei gir ikkje berre meir pengar til arbeidarklassa, men tek også vare på LGBTQIA+ sine rettar.

– Her i Portugal har vi ei veldig gammal befolkning, og dei eldre bryr seg ikkje så veldig om politikk. Eigentleg så trur eg portugisarar generelt ikkje bryr seg nok, seier Leandro Salgado (17). Foto: Emilie Hansen

– Sjølvsagt har eg tenkt å stemme! Eg likar regjeringa vi har no, og eg vil behalde denne, seier 18 år gamle Daniela Neves.

Politiske plakatar pregar bybiletet før valet sundag 30. januar. Foto: Emilie Hansen

Alle burde ha moglegheit til å studere

Neves er redd Portugal skal få ei endring som er verre for folket.

Ho meiner at den statsministeren dei har hatt no har vore til stor hjelp for Portugal, og uroar seg for at nokon andre skal ta makta.

Og sidan ho uroar seg, gjer ho sitt for å behalde statsministeren.

– Regjeringa vi har i dag har hjelpt Portugal veldig. Før så måtte foreldra mine betale for bøkene eg skulle bruke på skulen. Dei brukte over 300 euro per år for å kjøpe bøker, men no er bøkene gratis. No gir vi bøkene våre vidare til andre studentar i slutten av året, fortel Neves entusiastisk.

18-åringen er veldig fornøgd med den nye bokordninga i skulen. Den gjer det mogleg for fleire å studere, noko som er ei av dei viktigaste politiske sakene for Neves.

Ho meiner alle burde ha moglegheit til å studere og jobbe.

– Den viktigaste saka for meg er utdanning, og å hjelpe dei fattige. Det er viktig at ein hjelper folk slik dei får moglegheit til å studere, og lage seg fine liv, men ikkje å gi alt gratis, seier Neves.

Likestilling for alle

Beatriz Luís (23) har allereie stemt, sidan ho er bortreist på sjølve valdagen. 23-åringen meiner det er viktig å stemme med tanke på framtida vår.

– For meg er den viktigaste saka likestilling for alle, uavhengig av farge, nasjonalitet, etnisitet og seksualitet, seier Luís.

Ho seier ho identifiserer seg mest med partia på venstresida, og forklarar at dei fleste ungdommane i Lisboa gjer det.

23-åringen forklarar vidare at ein finn fleire høgreorienterte ungdommar om ein bevegar seg ut frå sentrum, til Cascais for eksempel.

Eg er på venstresida i politikken fordi venstresida ser folk, og hjelper folk, medan høgresida bryr seg berre om pengar, seier Luís bestemt.

– Vi blir ikkje høyrt på så mykje som vi burde bli. Eg prøvar å tru at dette vil endre seg, men eg er ikkje så sikker på at dette vil skje, seier Beatriz Luís (23). Foto: Emilie Hansen

Kranglar meir no enn før pandemien

Som i så mange andre land har koronapandemien også påverka det politiske biletet i Portugal. Dette er noko dei tre ungdommane er heilt samde i.

–  Covid har i stor grad påverka det politiske biletet. Folk er meir separerte enn før, og ein kranglar meir no enn før pandemien, seier Luís.

Neves legg vekt på at statsminister Costa fekk kritikk for korleis han handterte pandemien, noko ho synest blir feil. Ho tenkjer statsministeren gjorde så godt han kunne med det han hadde.

– Dette er vår fyrste pandemi, og alle treng erfaring for å få eit land til å fungere, men erfaring om korleis ein ledar eit land i ein pandemi hadde jo ingen, seier Neves.

17 år gamle Salgado trur at pandemien, og korleis ulike politikarar har forhalde seg til han, har påverka folk sitt syn på politikarane.

Han fortel om ein stor fest det politiske partiet Chega hadde, med over 70 gjester.

– For folk som ikkje trur på pandemien, eller som er anti-vax, gjorde ikkje dette noko, men folk som hadde mista sine kjære til pandemien syntest ikkje noko særleg om festen deira, og dimed heller ikkje det politiske partiet, forklarar Salgado.

Han meiner også at politikarar som snakka om korleis ein skulle kome seg igjennom pandemien saman, og snakka til dei som hadde mista nokon, fekk meir kredibilitet under pandemien.

– Eg stolar ikkje heilt på politikarane her

Uavhengig av pandemien, stolar ikkje dei portugisiske ungdommane heilt på politikarane i landet.

Salgado seier det er vanskeleg å stole på dei sidan dei lovar meir enn dei kan halde.

Neves er einig i dette, og tenkjer det ikkje er mogleg å få til dei store endringane politikarane snakkar om, på berre fire år.

Luís fortel at det er mykje nepotisme og korrupsjon.

– Eg stolar ikkje heilt på politikarane her. Alt er basert på kven du kjenner. Men eg prøvar å behalde trua, sjølv om det er vanskeleg, fortel Luís.

Politisk demonstrasjon frå Left Bloc-partiet. Foto: Emilie Hansen

– Dei gamle bryr seg ikkje

Luís, Neves, og Salgado meiner dei unge ikkje blir høyrde på same måte, eller i like stor grad som dei som er eldre. Dette er ei utfordring.

Spesielt med tanke på det dei skildrar som store politiske forskjellar mellom generasjonane.

– Det er forskjell på kva dei eldre og dei yngre bryr seg om. Dei unge vil hjelpe alle, gi rettar til alle. Dei eldre her i Portugal bryr seg ikkje, det dei tenkjer på er at dei vil ha mindre skatt, og om det blir mindre skatt så hjelper det ikkje akkurat på helsetilboda, seier Salgado.

Luís og Neves er einige med Salgado, og synest det er stor forskjell mellom dei ulike generasjonane og kva dei synest er viktig.

– Dei gamle bryr seg ikkje, det einaste dei bryr seg om er pengar. Dei som er yngre bryr seg meir om folk og rettar, seier Luís.

Politiske plakatar pregar bybiletet før valet sundag 30. januar. Foto: Emilie Hansen

– Seier eg må reise dit eg kjem frå

– Men på den andre sida er det nokre yngre folk som er litt dumme, og ikkje er snille med andre, skyt Neves inn.

Ho er redd for kva som vil skje når desse ungdommane blir eldre og kan kome inn i parlamentet.

Desse ungdommane ho siktar til er unge som er rasistar, diskriminerer, og støttar det politiske partiet Chega, forklarar ho.

– Eg er portugisisk, men foreldra mine kjem frå Afrika. Chega, og tilhengjarane deira, seier at eg må fare ifrå Portugal, og reise dit eg kjem frå. Men eg er jo portugisisk, seier Neves.

Ifølgje Al Jazeera ligg partiet an til å få 10 gongar så mange stemmer som dei gjorde i 2019, då dei for fyrste gong fekk inn eit mandat i parlamentet.

–  I dag kan ein sjå at Chega, eit parti frå ytre høgre, veks veldig. Dette synest eg er skummelt, seier Luís.

Ho fortel at ho har vener som stemmer på Chega, men at folk ikkje alltid veit kva dei stemmer på.

– Til dømes er det LGBTQIA+-personar som stemmer på partiet, noko som ikkje gir meining i det heile, seier 23-åringen.

Ifølgje meiningsmålingane ligg Partido Socialista an til å få flest stemmer, etterfylgt av  Partido Social Democrata, og Chega.


Emilie Hansen vart koronasmitta i Lisboa, kor ho bur no, og måtte difor vere isolert. Heldigvis har ho balkong. Foto: Privat