Frankrike: 4 av 10 unge brukte ikkje stemmeretten sin

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

28 prosent av dei franske veljarane nytta ikkje røysteretten i andre omgang av det franske presidentvalet. Vi må tilbake til 1969 for å finne fleire heimesitjarar.

Det er blant dei yngste veljarane at valdeltakinga var aller lågast. Det skriv mellom anna den franske kringkastaren BMF TV.

– Vi snakkar altså om 4 av 10 unge veljarar som ikkje stemte. Eg er ikkje overraska, fordi dette har vore ein tendens for alle val over tid.

Det skriv Franck Orban på e-post til framtida.no. Han er førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold og programleiar i podkasten Frankrike forklart.

Søndag blei Emmanuel Macron vald til president i Frankrike. Han får dimed fem nye år ved roret, etter å ha slått motkandidaten Marine Le Pen frå ytre høgre-partiet Rassemblement national.

Ifølgje ei Ipsos-måling var det 41 prosent i aldersgruppa 18-24 år som ikkje stemte i andre valomgang.

– Men det er trist å sjå at presidentvalet, som er det viktigaste valet i Frankrike, ikkje klarar å interessere fleire, seier Orban.

Franck Orban har følgt det franske presidentvalet nøye. Foto: Per Ole Hagen/Høgskolen i Østfold

Nekta å velje

Franskvitaren poengterer at å halde seg heime ikkje nødvendigvis tyder at ein ikkje har teke eit val.

– Ein god del unge veljarar kjente seg ikkje att i Macron eller Le Pen ved andre omgang, og nekta å velje mellom dei. Mange av dei var venstreveljarar.

I første valomgang fekk kandidaten frå ytre venstre, Jean-Luc Mélenchon (La France insoumise), 22 prosent av stemmene, ikkje langt bak Marine Le Pen med 23 prosent og Emmanuel Macron med 28 prosent.

Etter første valomgang snakka Framtida.no med unge på gata i Aix-en-Provence. Som Orban peikar på, syntest Loan og Matthieu at det enda med to kandidatar dei ikkje hadde mykje til overs for.

– Me kjenner oss jo skuffa og triste. Spesielt over at Le Pen tok seg vidare. Ein er i grunnen tvinga til å velja Macron, men eg er ikkje fornøgd med det, sa Loan.

– Eg er skuffa over at ingen av kandidatane eg var begeistra for kom seg vidare, la Matthieu til.

Loan og Matthieu arbeider på kafé i sørfranske Aix-en-Provence. Dei er lite begeistra for utfallet av første valrunde. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Klar tendens

Den låge valoppslutninga blant unge kan likevel ikkje berre leggjast på at kandidatane var upopulære. Franck Orban forklarar at valdeltakinga blant unge alltid har vore problematisk.

– Dei unge si manglande interesse for politikk var eit tema allereie ved presidentvalet i 1965. Under sosialisten François Mitterrand (1981-88 og 1988-1995) auka dei unge si mobilisering til presidentvalet.

Han fortel at det same skjedde ved andre omgang i 2002, då det var Jean-Marie Le Pen, faren til årets kandidat Marine Le Pen, som var ein av kandidatane, og i 2007, då Nicolas Sarkozy (UMP) slo Ségolène Royal (Parti socialiste).

– Etter det har ho eigentleg gått ned igjen. Under François Hollande og Emmanuel Macron har ho opplevd ein markant nedgang. Vi snakkar her berre om presidentvalet. Resultatet er gjerne verre for andre val.

Også i Noreg har det vore ein tendens at det er vanskeleg å mobilisere unge veljarar. I stortingsvalet i 2021 var valdeltakinga lågast hjå andregongsveljarane. 65,4 prosent av dei røysteføre i alderen 20 til 24 år stemte.

Røystinga er ikkje over for franskmenn for i år. Om sju veker skal dei nemleg stemme over nasjonalforsamlinga. Det er kutyme at presidenten vel statsminister frå det største partiet i nasjonalforsamlinga.

Ein nøgd nyvald president på si første reise etter valet. Emmanuel Macron tok onsdag 27. april turen til Cergy, som er ein av dei nordvestlege forstadane til Paris. Foto: Benoit Tessier, Pool via AP

Saknar andre tema

Blant årsakene til den låge valdeltakinga blant unge franskmenn, trekker Orban fram at mange av dei ikkje føler seg representert eller ikkje kjente seg att i det varsla returoppgjeret mellom Le Pen og Macron.

Vidare saknar dei unge fokus på tema som dei er opptekne av, først og fremst miljøpolitikk.

Blant dei store temaa i årets valkamp var kjøpekraft (Le Pen) og europeisk samarbeid (Macron).

Franck Orban viser til sosiologen Olivier Galland, som ikkje ser éi gruppe unge veljarar, men minst fire:

  1. Dei protesterande demokratane (39 %) med f.eks. unge kvinner som er veldig engasjert i spørsmål om kjønn
  2. Dei uengasjerte (26 %) med unge menn med låg kulturkapital i rurale område
  3. Dei opprørte (22 %), unge som ofte er i eit opprør, med psykiske eller materielle vanskar
  4. Dei tabubrytande integrerte (13 %), som ofte har jobb, er veldig knytte til heimstaden, men som kjem i kontakt med ein brotskultur fordi dei bur på stadar der kriminaliteten florerer.

Dette stemte dei unge på

I år fekk ytre venstre-kandidaten Mélenchon stor oppslutning blant unge. Ifølgje Franck Orban stemte 34,8 prosent i aldersgruppa 18-24 år på Mélenchon første omgang. 24,3 prosent stemte på Macron og 18 prosent på Le Pen.

– Aldersgruppa 25-34 oppførte seg annleis, poengterer førsteamanuensen.

Medan Le Pen fekk færrast stemmer av dei store kandidatane frå dei yngste veljarane, kom ho på førsteplass med 30 prosent i denne aldersgruppa,  utdjupar han.

Stemmesetlar til andre valomgang. Foto: AP Photo/Bob Edme

Ved andre omgang var det altså 41 prosent av 18-24-åringane som ikkje stemte, mot 38 prosent for aldersgruppa 25-34 år.

Av dei unge som gjekk til urnene, var det eit stort fleirtal som valde den sitjande presidenten. Emmanuel Macron fekk ifølgje Orban 59 prosent av stemmene til dei mellom 18 og 24 år, medan Marine Le Pen måtte ta til takke med 41 prosent frå dei.


Foto: Benjamin Loyseau © 2021 Christo and Jeanne-Claude Foundation