Vinnar av skrivekonkurranse: – Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

– Oi, oi, så gøy! Wow! Tusen takk!

Orda kjem frå William Matteus Fonn (17) frå Namsos på telefon, etter han har fått vite at han er vinnaren av skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i samarbeid med Foreningen !les. Hovudpremien er på 2000 kroner.

I skrivekonkurransen, som omhandla fritid, skriv han mellom anna:

«Det å vere friviljug har lært meg kor mykje dette kan bety, for meg og for andre. Det er noko som gjer at eg ser annleis på fritida mi, og gjer at eg prioriterer annleis. Den erfaringa unner eg alle å ha med seg i livet. Alle må finne sin fritidsaktivitet, noko som gjer ein glad, men pandemien har vist oss kor sårbare menneske er, difor vil eg bruke fritida på dette – å gjere noko for andre.»

Dei me treng når kriser oppstår

Juryen si grunngjeving er at Fonn skilde seg ut med original tematikk, godt språk og ein heilskapleg tekst med eit tydeleg bodskap.

– Eg hadde lyst å skrive om dette for det første fordi eg har erfaring med det sjølv, og for det andre fordi det er noko ikkje så mange skriv om eller tenker på at ein kan bruke fritida si på, seier han.

– Me ser, når det oppstår kriser i samfunnet som pandemi og krigen i Ukraina, at det er denne gruppa me verkeleg treng, men som ikkje kanskje blir sett så pris på.

– Gir noko å vere til hjelp

Til vanleg går Fonn i 1. klasse på studiespesialiserande på Kvitsund Gymnas i Kviteseid i Telemark. Han fortel at han sjølv har vakse opp med den frivillige innsatsen, med to foreldre som har vore frivillig engasjerte.

– Men sjølvstendig har eg vore frivillig sidan ungdomsskulen.

Han har vore engasjert i ungdomspolitikk, kyrkjelydar, vore med i Røde Kors og ulike fritidsaktivitetar.

– Eg skjønte det kunne vere ein fritidsaktivitet på lik linje med andre ting. Det gir meg noko å få møte andre menneske og vere til hjelp.

I dag er han ikkje med i noko fast, men er innimellom med å leie aktivitetar som barn. Utanom skule og den frivillige innsatsen er han journalist for lokalavisa Vest-Telemark blad, og er i tillegg glad i å skrive lesarinnlegg om det er noko han brenn inne med.

Sommarjobb utan løn

Han fortel at han ikkje møter mange andre frivillige på same alder, og at han trur aldersgruppa er underrepresenterte i den frivillige innsatsen.

– Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med, både for å få nye perspektiv på ting og fordi me kanskje har litt meir energi enn dei som har stått på i alle år.

– Kva reaksjonar får du frå dei rundt deg på at du er frivillig?

– Eg trur kanskje ein del synest det er litt rart, særleg når ein gjer typiske ting ein kunne fått lønn for.

I sommar stod han i til dømes i ein av Røde Kors sine bruktbutikkar heile sommaren utan å få betalt for det, noko han fekk fleire reaksjonar på.

– Eg gjorde det fordi eg ikkje hadde noko spesielt å bruke den sommaren på og synest det var ein gøy måte å treffe folk på.

– Det er kulturen me lever i at me jobbar for å tene pengar, men eg synest også det er viktig å jobbe for å hjelpe andre og bidra.


Martin Luzi og Ayesha Zaeem. Foto: Privat