Politikk og samfunn

«Skal blodslinje framleis styra staten?»

I eit moderne demokrati burde makta koma frå folket, ikkje frå blodslinje, skriv Hedda Sofie Riddervold i Akershus Unge Venstre.

Hedda Sofie Riddervold (21)
Styremedlem Akershus Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har all respekt for kongehuset, men eg må likevel seia dette: Kanskje er tida inne for å takka monarkiet for innsatsen og la demokratiet ta heile plassen.

«Utvalde av Gud»

For får det ikkje blodet til å brusa litt når vi tenkjer på at vi framleis har eit system der nokon blir fødde inn i rolla som statsoverhovud, historisk grunngjeve med at dei var «utvalde av Gud» til å herska? I eit moderne demokrati burde makta koma frå folket, ikkje frå blodslinje.

Ja, kongen har i dag ei hovudsakleg symbolsk rolle, men embetet inneber framleis formell makt. Kvifor skal arv avgjera kven som skal vera statsoverhovud? Er ikkje dette eit prinsipp vi eigentleg forlét for fleire hundre år sidan, då vi gjekk bort frå tanken om guddommeleg utnemnd kongemakt?

Demokratiet byggjer på likskap, men monarkiet byggjer på forskjell.

Prinsipp framfor person

Samtidig vil eg understreka at dette ikkje handlar om personen som sit på trona. Vi er heldige i Noreg. Vi har ein konge som framstår varm, reflektert og samlande, og som held gode talar.

Nettopp difor kan det vera lett å gløyma å stilla dei prinsipielle spørsmåla. Eg kan faktisk òg kjenna litt sympati med han, han har i praksis inga reell moglegheit til å gå av med pensjon på vanleg vis.

Rolla er ikkje vald, men pålagd frå fødselen av.

Offentleg pengebruk

Så kjem òg spørsmålet om pengebruk. Det norske monarkiet kostar meir enn det doble av det nabolanda våre brukar på sine kongehus. Kvar går eigentleg desse pengane? Og er det nødvendig at prinsesse Ingrid Alexandra reiser heilt til Australia for å studera når vi har like gode utdanningsmoglegheiter i Europa? Dersom ho ønskjer å studera der, kunne ho, som andre unge menneske, nytta seg av støtteordningar som Lånekassen.

Til sjuande og sist finst det ingen garanti for at ein monark alltid vil vera klok, forståingsfull eller samlande. System bør ikkje basera seg på flaks. Nettopp difor meiner eg at tida er inne for å ta debatten på alvor.

Kanskje er det på tide å takka monarkiet for innsatsen og la demokratiet ta heile plassen.