Politikk og samfunn

«Eg vil skape minne på ekte, ikkje på Snapchat»

Eg føler oppriktig talt at mobilbruken min hindrar meg i å oppleve livet. Plutseleg har det blitt meir attraktivt å sjå andre leve livet, enn å danne seg sine eigne erfaringar, skriv Malin Victoria Brataas Wilson.

Malin Victoria Brataas Wilson (17)
OD-elev i Framtida.no
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvifor ser eg på mobilen? Kva får eg ut av det?

Dette er noko eg prøver å spørje meg sjølv etter fleire timar med skrolling. Noko eg har blitt meir rutinert i enn å knyte skolissene mine.

Det er eg dessverre ikkje åleine om. Eg tek trikken to gongar dagleg, og absolutt alle eg tek trikken med ser ned i kvar sin mobil. Det er lett å vere rask til å fordømme mobilkulturen, men eg gløymer at eg ikkje er betre sjølv.

Kulturen vert vatna ut

Sjølv om det er klisjé, var ting betre før. Kvar gong bestemor fortel meg om korleis ho hadde det då ho var på min alder, kan eg ikkje anna enn å føle på sjalusi.

Ho var ung i ei tid då folk snakka saman, medan eg er ung i ei tid der folk snappar.

Kulturen vert vatna ut. Det krev mindre innsats enn nokon gong å publisere innhald, med stadig søkkande kvalitet. Mobilkulturen har gått så langt at det reknast som kulturell kapital å kunne diverse internettreferansar. Det er ikkje Orwell som gjeld lenger, men TikTok. 

Tør ikkje vere åleine

Eg føler oppriktig talt at mobilbruken min hindrar meg i å oppleve livet. Plutseleg har det blitt meir attraktivt å sjå andre leve livet, enn å danne seg sine eigne erfaringar.

La oss seie at skjermtida i snitt er tre timar per dag. Dette tilsvarar rundt tolv år av eit hundre år langt liv. Dette skremmer meg grenselaust.

Eg vil skape minne på ekte, ikkje på Snapchat. 

Eg vil ta oppgjer med mobilkulturen, men eg tørr likevel ikkje å gjere det åleine.

Grunnlaget for eit sosialt liv

Stadig fleire unge leiker med tanken på å byte ut smarttelefonane sine til fordel for ein «dum» telefon. Me slår likevel frå oss ideen, fordi å legge ned mobilen betyr å ofre vårt sosiale liv. Mobilen er dessverre grunnlaget i mitt sosiale liv. All sosialisering og planlegging av sosialisering skjer gjennom mobilen, og spesielt gjennom Snapchat. Der lager me nye gruppechattar til alle moglege anledningar.

Har eg ikkje tilgang til Snapchat, risikerer eg derfor å bli utanfor. Eg veit ikkje om eg er villig til å gje slipp på det sosiale fellesskapet for å få lågare skjermtid. 

Kjem ikkje unna ny teknologi

Tek-gigantane legg heller ikkje til rette for eit skjermfritt tilvære. I fjor bytte eg ut min noverande mobil med ein gamal modell frå 2016, som eit kompromiss. Eg såg ikkje på det som nødvendig med alle dei nye mobilfunksjonane.

Likevel måtte eg krype til korset etter mobilen min hadde døydd kvar dag før eg kom til skulen ei veke i strekk.

Mobilen, som ikkje var ti år eingong, hadde ikkje kapasitet til å installere dei nyaste app-versjonane og kunne ikkje ha fleire faner opne samstundes. Det verkar som om mobilane blir produsert med intensjonen om at me må byte dei ut i løpet av nokre år. Samfunnet baserer seg på eit teknologisk kappløp der det er om å gjere å ha det nyaste. 

Sjølv om draumen min på lang sikt er å byte til ein «dum» telefon, innser eg at det er eit hårete mål. Eg fokusere på å redusere skjermtida mi for no. Skrolling til dømes, har blitt rutine, framfor noko eg gjer fordi eg synest det er underhaldande.

Det viktigaste eg kan gjere er å vere bevisst på eigen mobilbruk. Og kven veit, kanskje «dum» telefon er det nye? Lenge leve revolusjonen!