«Hen» møter motstand i høyringsrunde

Forslaget om å innføre det kjønnsnøytrale pronomenet «hen» har ført til mange reaksjonar. Mellom andre Verdialliansen og Bokmålsforbundet ber Språkrådet droppe ordet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman har Språkrådet fått over 40 innspel frå offentlege instansar, interesseorganisasjonar og privatpersonar i høyringsrunden om endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk.

I tillegg til dei vanlege høyringssvara har det kome spørsmål, innspel og reaksjonar.

Ikkje uventa er det forslaget om å ta «hen» inn i norma i både bokmål og nynorsk som har fått flest reaksjonar.

Les også: Språkrådet går inn for hen

Politisk og ideologisk begrunna

Verdialliansen, eit nettverk for menneskerettar og kristne verdiar, meiner det ikkje er grunnlag for å ta ordet inn i norma. Dei skriv mellom anna:

«Dersom Språkrådet i dagens situasjon vedtar å ta hen inn i normen i bokmål og nynorsk som kjønnsnøytralt pronomen, vil det være grunn til å stille spørsmål ved fagrådets faglige og objektive integritet. Vedtaket vil bli vurdert som politisk og ideologisk begrunnet, uten at de forutsetningene som språkloven, vedtektene for Språkrådet og retningslinjene for normering krever, er til stede.»

Også fleire privatpersonar har sendt inn høyringssvar der dei tek sterk avstand frå å innføre hen.

Mellom dei som støttar forslaget heilhjarta, er Likestillings- og diskrimineringsombodet, Sex og samfunn, FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald og Skeiv Ungdom.

Auka bruk av hen?

I framlegget frå Språkrådet blir det vist til ein klart aukande frekvens i bruken av hen, men dette er ikkje alle samde i.

Bokmålsforbundet går til dømes mot å innføre hen fordi pronomenet «har en svært liten bruksfrekvens i forhold til han og hun».

Riksmålsforbundet støttar derimot forslaget og viser til at hen allereie i desember 2017 var med i Det Norske Akademis ordbok (naob.no).

Høgskulen på Vestlandet har arbeidsgruppa som har utarbeidd høyringssvaret, teke seg bryet med å gjennomføre ei spørjeundersøking. «Resultata viser at hen allereie i aukande grad er i bruk i mellom anna retningslinjer, studenttekstar og undervisningsmateriell», heiter det.

Hyn og Hin

I høyringssvara dukkar det også opp alternativ til hen, både hyn, hin og det blir foreslått.

Ein del av høyringssvara handlar om bøyingsbruk, definisjon, samsvarsbøying og objektsform av hen.

Norsk måldyrkingslag skriv til dømes:

«Framlegget frå Språkrådet segjer inkje um kva grammatiskt kyn det nye varaordet hen skal hava. Skal det heita hen er liten el. liti (lita) el. lite, elder kann det heita kvart og eittdeira?»

Daniel Ims, seksjonssjef
i Språkrådet. Foto: Moment Studio/Presse

Avklaring før sommaren

I tillegg til innføringa av pronomenet hen er det mellom anna gjort framlegg om endringar i bøyinga av ein del inkjekjønnssubstantiv i bokmål og justering av genusnormering for nokre substantiv både i bokmål og nynorsk.

– Vi set pris på at så mange er opptekne av normering og rettskriving. No skal vi gå gjennom alle svara og vurdere om det er grunn til å endre framlegga, seier seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet.

Styret i Språkrådet skal truleg godkjenne normeringsvedtaka før sommaren.

Kollasj: Framtida.no. Foto av: Kim Thoresen-Vestre (SV). Skjermdump/Privat/Gjennestad VGS