Sosiale medium: «Vi får beskjed om å berre sletta, blokkera, ta kontakt med dei vaksne»

Kristina Williamson
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Samfunnet rundt oss påverkar alt vi gjer. Foreldre, lærarar, trenarar og leiarar av religions- og livssynssamfunn kan alle påverka, på både positive og negative måtar.

Dei kan bestemma kva du skal ha på deg, påverka kor mykje du skal yta på skulen og trening, og bestemma kva som er rett og gale å gjera.

I ein sårbar situasjon der ein sjølv prøver å finna ut av kven ein er, har dette stor påverknadskraft.

Men kva med den skjulte påverknadskrafta, som vi ikkje kan sjå eller gjera noko med?

Dårlegare sjølvbilde av Instagram

I november kom det fram korleis Facebook og Instagram aktivt unngår å forbetra innhaldet i plattformene sine.

Spesielt for unge jenter, som står for største delen av kroppsdysmorfiske lidingar, er sosiale medium ein stad å rømma til for validering.

Instagram har forårsaka svekt sjølvbilde, angst, depresjon og suicidale tankar gjennom plattforma si, og dette med eit direkte mål om å gjera folk avhengige av appen.

«Det er nok telefonen» er ei setning som ofte dukkar opp når unge folk slit med eit eller anna, og ja, det er slik. Men sjølv om vi filtrerer ut innhald som skadar vårt eige syn på oss sjølv og verda, så er ikkje vi einskildmenneske «Big Media».

Når eit av dei største selskapa i verda er klar over den negative påverknadskrafta deira, og framleis nektar å endra på bedrifta si, er ikkje problemet lenger hos forbrukarane.

Les også: «Ei total ansvarsfråskriving». Press-leiar Lea Mariero skriv om selskap som tenar pengar på å få unge til å føle seg dårleg. Foto: Pressefoto

Eit uoppnåeleg ideal

Når vi lever i ein teknologisk tidsalder, er det urimeleg å legga vekk telefonen når noko vondt skjer. Vi får beskjed om å berre sletta, blokkera, ta kontakt med dei vaksne, men kva positivt kan dette gjer når det er alt rundt oss?

Skjult negativ sosial kontroll er skjult av ein grunn. Når ein ser det perfekte livet om og om igjen, påverkar det oss til å sjå på det som idealet. Eit uoppnåeleg ideal, som kan skada både den fysiske og mentale helsa.

Det er heller ikkje berre unge menneske som opplever slikt. Annonsar, reklamar og anna innhald påverkar oss. Det er store selskap som står bak å endra verkelegheitsforståinga vår, om kva som er korrekt og bra, og kva som er dårleg og feil.

Naturlege vitamin som skal hjelpa med hårvekst, falsk politisk propaganda og reklamar for det perfekte livet står sentralt i dette. Klikk, likes og pengar er det viktigaste.

Hald selskapa ansvarlege

Press frå sosiale medium påverkar vårt verdssyn. Det er særs viktig å ta eit standpunkt mot slik åtferd, men gjennomslag er vanskeleg. Vi som einskildmenneske skal ikkje gjere arbeidet til store selskap. Hald selskapa ansvarlege.

Vi i Humanistisk Ungdom ser på dette problemet som vitalt for at sårbare grupper, som unge menneske, skal yta bestet sitt. Tidsepoken for sosiale medium er langt frå over, og det må gjerast eit taktskifte før det er for seint.


Les også meiningsinnlegget: «Har ikkje samfunnet vårt rom for ytringar om tru?»

William Matteus Fonn går i førsteklasse ved Kvitsund Gymnas. Foto: Privat