Klima og miljø

«Vi krev at Noreg deinvesterer i folkemord!»

Vi må innsjå at fossilindustrien ikkje berre er klimafiendtleg, men både historisk og i dag undergrev fred, skriv Marius Moldsvor, ungdomsdelegat ved klimatoppmøtet frå Natur og Ungdom.

Marius Moldsvor (19)
Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På COP29 har ei internasjonal klimarørsle kravd ein energiembargo mot Israel. Vi krev at Noreg deinvesterer i folkemord og startar utfasing av ein skitten fossilindustri!

Klimatoppmøtet vart arrangert i Aserbajdsjan, ein petrostat utan verken ytringsfridom, lovlege klimaaktivistar eller uavhengige journalistar. Landet som sjølv har drive etnisk reinsing, har også tette band til Israel, og leverer 28 prosent av landet sin råoljeimport. Dette er fossil energi som bidreg til det pågåande folkemordet i Palestina.

Denne olja går gjennom oljerøyrleidninga BTC, via Georgia og Tyrkia, før ho vert send til Israel. Det britiske oljeselskapet BP er hovudaksjonær i oljerøyrleidninga, og er saman med selskap som Shell og Chevron med på å legge til rette for folkemordet som skjer akkurat no.

BP har også fått leiteløyve for gass i okkuperte palestinske farvatn. Vårt eige oljefond, som er medskuldig i investeringar i Israel, er også deleigar i BP. Dette er noko dei må trekke seg ut av!

På klimatoppmøtet fekk eg høyre på Mohammed Usrof, ein klimaaktivist frå Palestina som mista 21 familiemedlemar i mars, krystallklar i sin tale: Kvar oljeleveranse til Israel ber vekta av palestinske liv!

Mange andre land sender også fossil energi til Israel – inkludert neste års arrangør av COP, Brasil. Landet sin president, Lula da Silva, har vore tydeleg i sin kritikk av Israel – men bidreg då paradoksalt framleis til folkerettsbrota ved å tillate leveransar på 9 prosent av Israels råoljeimport.

Dei burde heller følgje sitt naboland Colombia, som kutta ut kolforsyningar til Israel, noko som stod for 50 prosent av landet sin kolimport. Brasil, i likskap med Noreg, må vise heilskapleg solidaritet, og trekke ut investeringar frå krigsøkonomien.

Historisk kan vi sjå korleis fossilindustrien har vore delaktig i overgrep mot både menneske og miljø. Eit døme på dette er oljehistoria til BP i Midtausten, der fossilinvesteringar blei brukt for å halde på makt i dei britiske koloniane. Vi må innsjå at fossilindustrien ikkje berre er klimafiendtleg, men både historisk og i dag undergrev fred.

Verda står i brann, både klimamessig og humanitært. Vi treng å kjempe for rettferda i møte med brotsverk mot menneskeslekta, og spesielt i møte med det palestinske folket, som lid frykteleg under vestleg pågåande imperialisme og okkupasjon.

På årets COP har heldigvis eit stort aktivistmiljø stått i solidaritet med Palestina. Samstundes har vi kravd at land må deinvestere i folkemord og ein vanvitig fossilindustri. Kampen fortset!