Om OnlyFans: «Ei total ansvarsfråskriving»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Gullbarbie-illustrasjon: Press

21. februar svarar OnlyFans-påverkarar på åtvaringa dei har fått om at dei bryt marknadsføringslova med «faen til mas». Dette er ei total ansvarsfråskriving.

Dette viser at aktørar som tener pengar på å marknadsføre mot barn ikkje forstår kva for eit ansvar dei har. 

Påverkarbedrifter tener store pengar på å selje produkt eller tenester til følgarar, akkurat som ei rekkje andre bedrifter. Forskjellen er at når dei får kritikk for å faktisk bryte lova, svarar dei «faen til mas» og at ein skal bry seg om noko viktigare i staden for.

Når ein har ein følgjarskare som i stor grad er barn og unge, og bedriftene sin modell er å tene pengar på at desse kjøper produkt og tenester ein promoterer, har ein eit ansvar.

Store manglar i dagens lovverk

OnlyFans er ei plattform som hovudsakeleg er kjend for å legge til rette for sal av lettkledde bilete, nakenbilete og pornografisk innhald. Sjølv om plattforma har ei aldersgrense på 18 år, brukar OnlyFans og påverkarar andre plattformer, der barn og unge er ein stor del av følgjarane, for å rekruttere nye profilar til plattforma.

Melina Johnsen er ein av OnlyFans-profilane som brukar andre plattformer aktivt for å promotere. Det problematiske aspektet her er at nesten 70 prosent av følgjarane til profilen er under 24 år. Då følgjer det eit særleg ansvar for kva du promoterer.

Sjølv om dagens lovverk har store manglar er det også heilt tydeleg at ved å reklamere og marknadsføre mot barn følgjer det eit særleg ansvar – eit ansvar du også har som påverkar.

Kan få alvorlege konsekvensar

Å ha ein OnlyFans-konto er ikkje problemet, problemet oppstår når du tener pengar på å marknadsføre plattforma til barn, gjerne ved å vise fram bankkontoutskrifter, luksusferiar og designarvesker.

Gjennom eit bonusprogram tener desse påverkarane, som på OnlyFans vert kalla content creators, pengar på å rekruttere nye content creators. Lett-tente pengar og eit glamorøst liv vert ofte brukt som oppmoding til at andre skal lage eige innhald, noko som særleg appellerer til eit ungt publikum.

Dette bonusprogrammet kan føre til indirekte seksualisering av barn, og mindreårige teller ned dagane til dei vert gamle nok til å lage sin eigen konto. 

Påverkarar er næringsdrivande, akkurat som andre selskap, og vert dimed omfatta av lovverket på same måte. Då kan ein faktisk ikkje legge ut eller tene pengar på akkurat det ein vil. 

Melina Johansen og andre påverkarar som marknadsfører til barn og unge, kan ikkje berre feie vekk ansvaret med å svare «faen til mas». Om påverkarbransjen skal halde fram slik, kan dette få alvorlege konsekvensar for norsk ungdom. 


Har du noko på hjartet? Send tips eller eit innlegg til tips(a)framtida.no! 


Press-leiar Lea Mariero skriv om selskap som tenar pengar på å få unge til å føle seg dårleg. Foto: Pressefoto