Sofie (20): «Konstant oppdatert – eit paradoks»

Sofie N. Thelin (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sidan 2020 har omgrepet «normalt» endra seg for mange. Eg hadde aldri trudd at karantene og munnbind skulle verte normalt.

Heller ikkje daglege oppdateringar om smittetal, dødstal, nye tiltak og vaksineringsgrad. Men til slutt vart det det.

Dagen starta som oftast med å sjekke nettaviser for å sjå utviklinga frå dagen før. Vi tilpassa oss raskt, og å skulle klemme igjen utan eit lite stikk i magen verkar unormalt.

No har det gått to år, endeleg litt fri frå konstante oppdateringar, tenkte vi.

Men no er avisene på nytt fylt av svarte boksar med nyheitsartiklar som blinkar raudt. Ein hamstrar ikkje dorullar, men jodtablettar. Og igjen kjem sterke inntrykk rett inn på mobilen.

Det er eit paradoks, for både pandemien og det som no skjer i Ukraina har for mange ført til ei uro, som igjen fører til at ein søkjer meir informasjon.

Ein vil vere førebudd og oppdatert. Samstundes føler mange på ei endå større uro etter alle inntrykka.

Det kan vere vanskeleg å handtere og vanskeleg å navigere gjennom den ustoppelege straumen av eksponering, anten det er nyheitsartiklar om nye skrekkvariantar av virus, eller TikTok-videoar direkte frå øydeleggingane i Ukraina.

Alle reagerer ulikt på den nye normalen. Nokre eksponerer seg for mykje for medieinntrykka, andre held seg unna, andre er usikre på korleis dei skal handtere det.

Det verkar som at samfunnet forventar at vi konstant skal vere oppdaterte og vete alt om dei nye retningslinjene, eller kva som har skjedd over natta i katastrofeområde.

Vi har mogelegheita til det, men har vi kapasitet? Om inntrykka skapar så mykje frykt og uro at det går utover livskvaliteten, skal vi halde fram å oppdatere oss utan stans berre for å møte forventningane frå informasjonssamfunnet?

Ein ser øydelegging og føler på ei endå større maktesløyse over at ein sit stille og ikkje kan hjelpe.

Enkle grep om å avgrense tida ein brukar på nyheiter og sosiale medium dagleg, eller skjule innlegg på Instagram og videoar frå for your page på TikTok, er lett å føreslå, men vanskeleg å gjennomføre.

Eg ønsker å vere så oppdatert som mogeleg. Men det vert fort så mange inntrykk at det er vanskeleg å handtere. Ein ser øydelegging og føler på ei endå større maktesløyse over at ein sit stille og ikkje kan hjelpe. Men samstundes, kanskje eg ville følt på same maktesløysa om eg ignorerte nyheitene og ikkje visste dei siste utviklingane?

Det er ikkje ein fasit, men det er viktig å hugse er at ein ikkje står åleine i det. Den nye normalen er ikkje nødvendigvis normal, og du er ikkje ignorant eller ein dårleg person om du vel å ta avstand frå inntrykka for å ta vare på di eiga psykiske helse.

Bruk dei ressursane du har rundt deg og hugs at du ikkje er åleine.


Denne veka har Framtida.no ekstra fokus på psykisk helse! Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips(a)framtida.no. 


Skjermdump frå TikTok @valerisssh