«Viktig å hugse på at Dubai ikkje berre er eit luksusparadis»
Dubai-sjokolade har tatt verda med storm. Har du vore på sosiale medium det siste året har du heilt sikkert sett han. Det er eit problem.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dubai. Byen som har utvikla seg til å bli eit symbol på luksus og overflod, har også det siste året verte knytt til den nye trendy sjokoladen «Dubai-sjokolade». Å «teste» Dubai-sjokolade har nesten vorte ein eigen sjanger på sosiale medium.
@naraazizasmith this was interesting😭 #fypシ #dubaichocolate #tastetest #marriage #momtok #dessert #treat ♬ original sound – Nara Smith
@jennyhagen Tester den originale Dubai sjokoladen 😍💚 endeliiiiig! de andre kan ikke måle seeeg #dubaisjokolade #tastetest #pistacchio #dubaichocolate ♬ Pon de Replay – s0ng4y0uu
Den originale Dubai-sjokoladen vart lansert av konditoriet Fix Dessert Chocolatier i Dubai i 2021, men gjekk for alvor viralt i sosiale medium i 2024, ifølgje Modern Diplomacy.
Sjokoladen er ein mjølkesjokolade fylt med ei blanding av pistasj, tahini, og knafeh, ein tradisjonell arabisk dessert laga av filodeig.
Suksessen har inspirert fleire produsentar til å lage sin eigen versjon.
Då eg skreiv inn «dubai» i søkjefeltet på Google inkluderte nesten alle forslaga til kva eg skulle søke på noko med Dubai-sjokolade.
Kvifor er dette eit problem? I seg sjølv er det ikkje eit problem at ein type sjokolade får mykje merksemd. Problemet er at fokuset på sjokolade stel fokus på meir alvorlege ting som menneskerettsbrot.
Dei sameinte arabiske emirata
Dubai ligg i Dei sameinte arabiske emirata (FAE). Det er ein stat som vert styrt av eit autoritært regime, som ikkje har respekt for menneskerettar.
Ifølge Amnesty International har dei ikkje ytringsfridom, skeive og kvinner diskriminerast både i lova og i praksis, og migrantarbeidarar vert systematisk utnytta.
Det er også ulovleg å organisere seg og aktivistar som kjempar mot regimet vert fengsla og i nokre tilfelle torturert.
Dei har også heilt tydeleg vist at dei jobbar målretta for å betre imaget sitt til omverda gjennom å tiltrekka turistar, kjøpe fotballklubbar i Europa, og å vere vertskap for store internasjonale arrangement, som klimatoppmøtet i 2023.
Eg har ikkje belegg for å seie at Dei sameinte arabiske emirata som stat har noko med marknadsføringa av Dubai-sjokolade å gjere, men uansett trur eg dei er fornøgde med all den positive merksemda. Å verte knytt til menneskerettsbrot er ikkje særleg positivt. Men å verte knytt til sjokolade? Kva er vel betre enn det?
Om det er bevisst eller ikkje veit eg ikkje, men det fungerer på same måte som fotball-VM gjorde for Qatar i 2022. Qatar har liknande utfordringar som FAE med å følgje opp menneskerettar, og brukte meisterskapen som ein svær avleiingsmanøver.
Dyr nyting
Som resten av Dubai har Dubai-sjokolade eit preg av luksus. Det heng godt saman med imaget FAE ønskjer å skape for seg sjølv.
Sjokoladeprisane har auka kraftig det siste året. Prisen på kokesjokolade har auka med meir enn 50 prosent, og vanleg spisesjokolade har auka med 35 prosent. Det er ikkje uvanleg at ein 200-gramsplate kostar over 60 kroner på matbutikken.
Men Dubai-sjokolade er i ein annan liga. Godteributikken Fast Candy, som profilerer seg på å tilby den mest trendy snacksen sel ei 200-gramsplate til 249 kroner.
Europris har ein billigare variant – 90 gram til 69 kroner – 153 kroner omrekna til 200-gramspris.
Dei høge kakaoprisane er faktisk ein av grunnane til at Dubai-sjokolade vart oppfunne. Ved å bruke fyll av andre, billigare ingrediensar kunne ein spare pengar på å bruke mindre kakao. Då er det jo litt ironisk at han enda opp med å vere mykje dyrare enn vanleg mjølkesjokolade likevel.
Etterspurnaden har auka i mykje raskare tempo enn tilbodet. Det er dette som gir dei elleville prisane. Sannsynlegvis vil prisane synkje fort når tilbodet tar igjen etterspurnaden, eventuelt når trenden døyr.
Ikkje berre luksus
Medan vi ventar på at Dubai-sjokolade-trenden døyr, meiner eg det er viktig å hugse på at Dubai ikkje berre er eit luksusparadis der ein et luksussjokolade og koser seg.
Det er også eit brutalt regime som diskriminerer kvinner, skeive og gjestearbeidarar, og fengslar og torturerer meiningsmotstandarar. Dei gjer alt dei kan for å dysse dette ned så verda ikkje skal leggje merke til det. Eg synast ikkje vi skal la dei lukkast med det.