Støre la fram Ukraina-plan: – Krisa kan setje oss på ei historisk prøve

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit at denne krisa kan setje oss på ei historisk prøve, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han fredag orienterte Stortinget om krigen i Ukraina.

Han varsla fleire grep for å handtere krisa. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 3,5 milliardar kroner ekstra for å styrke Forsvaret og sivil beredskap i år.

– Dette er nødvendige tiltak fordi vi står overfor eit meir uføreseieleg og aggressivt russisk regime, seier Støre.

Han sa at regjeringa legg opp til auka aktivitet i Sjøforsvaret, Hæren og Heimevernet.

– I tillegg skal vi auke beredskapen og uthaldet til Forsvaret ved innkjøp av materiell, ammunisjon og reservedelar, sa Støre.

Beredskap for 100.000 flyktningar

Statsministeren understreka òg at flyktningstraumen frå Ukraina vil utfordre Noreg.

– Normalt buset vi rundt 5000 flyktningar i året. No er anslaget at vi kan få 7–8 gonger fleire flyktningar på eitt år, sa Støre.

Regjeringa har allereie varsla at dei vil hente 2.500 flyktningar frå Moldova til Noreg og 550 ukrainarar med behov for sjukehusbehandling og pårørande deira.

UDIs planleggingsscenario er at det vil komme 30.000 ukrainske flyktningar til Noreg i 2022.

– Vi jobbar med tiltak og tilpassingar for å handtere dei utfordringane vi allereie no ser kjem med anslaget på 35 000. Vi jobbar òg med beredskapstiltak for å kunne handtere ein ekstraordinær situasjon med opp mot 100 000 flyktningar, sa Støre.

Skjermdump frå TikTok @valerisssh

Nordområde

Statsministeren gjorde det klart at krigen òg gjer at spenninga aukar i Noregs nærområde, der våre NATO-allierte forventar at vi følgjer godt med.

– Noreg er Natos auge og øyre i nord. Det betyr at vi må vere i stand til å følgje den russiske aktiviteten endå tettare. Utgangspunktet vårt er godt. Vi kjenner nordområda og har lang erfaring med operasjonar i nærleiken av Russland i nord.

Han påpeika at Russland har dei kjernefysiske ubåtane sine på Kolahalvøya, nær den norske grensa.

– I ein tilspissa situasjon som vi er i no, opplever Russland eit behov for å verne desse. Det er ei tilnærming vi er kjende med og har sett ved tidlegare høve med auka spenning.

Liten atomrisiko

Ifølgje statsministeren har krigføring i nærleiken av atomkraftverk Ukraina auka risikoen for uhell og ulykker, men risikoen er liten for Noreg.

– Dersom det skulle skje eit utslepp av radioaktivt stoff i Ukraina, vil konsekvensane for Noreg vere avgrensa på grunn av avstanden mellom landa, sa han.

Han seier Direktoratet for strålevern og atomtryggleik overvaker situasjonen fortløpande, og dei har løpande tilgang til målingar frå målestasjonar i Ukraina.

Regjeringas Ukraina-plan inneber òg ei støtteordning for norske bedrifter som blir ramma av sanksjonane mot Russland.

Ein betydeleg del av næringslivet i Aust-Finnmark er avhengig av handel med russiske motpartar, sa Støre i forklaringa si.

Regjeringa vil i starten av april fremje ein tilleggsproposisjon i tråd med forslaga i forklaringa på fredag.


Den nyetablerte Ukrainian student union. Frå venstre: Daniil Butenko, Volodymyr Ilkiv, Olena Mordas, Anastasia Demchenko, Danylo Verbovskyy, Mariia Babii, Mykhailo Marusiak