Nynorsk – ein språkleg rikdom eller eit pedagogisk problem?
Som bokmålselev, meiner eg det å lære å skrive nynorsk sjølv, er ein overflødig og unødig ferdigheit, som ein sjeldan kjem til å bruke seinare i livet, skriv Sunniva Flornes Heen i vinnarbidraget i Framtida og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse.

Detter er vinnarteksta i Framtida.no og Norsk målungdom sin skrivekonkurranse.
Debatten om likestillinga mellom dei to skriftsspråka nynorsk og bokmål, er ein velkjend og aktuell problematikk, som stadig blir teken opp i vår samtid.
Dei historiske debattane kring skriftsspråket vårt på 1800-talet, har vorte gjenfortalde av ein generasjon lærarar, gjenskapa i klasserom, og med det skapa oppheta diskusjonar.
- Les intervju med konkurransevinnaren: Sunniva (19) vann nynorskkonkurranse med kritisk tekst om nynorsk
Stortinget sitt forslag om samnorsk på 1950-talet må ha vore eit av dei desidert største fiaskoane i norsk språkhistorie. Om vi ser tilbake, har ytterleg 75 år gått sidan den gong. Vi trauste og tradisjonsrike nordmenn sto fast på vårt, og dei to ulike skriftsspråka held fram med å vere likestilte (sjølvsagt). Men korleis opplev vi det no?

Tallause elevar har utvist stor frustrasjon over skriftleg opplæring i sidemål

Tallause elevar har utvist stor frustrasjon over skriftleg opplæring i sidemål, som har vore obligatorisk undervisning for elevar sidan 1907. Er det lov å påstå at noko som er over 100 år gamalt er ein smule utdatert?
Som bokmålselev, meiner eg det å lære å skrive nynorsk sjølv, er ein overflødig og unødig ferdigheit, som ein sjeldan kjem til å bruke seinare i livet.
Derimot er eg positiv til at vi les nynorsk i skulen. Slik vil alle elevar få kjennskap til det andre skriftsspråket, men samstundes kunne velje fritt kva for eit skriftsspråk dei sjølv ynskjer å uttrykke seg på.
Dette meiner eg er ei fornuftig mellomløysing, som tek vare på språkleg mangfald og kan redusere frustrasjonen, utan å svekke dei ferdigheitene elevane faktisk får bruk for etter skulegangen.
Det er mogleg det ikkje er noko overrasking at eg som nå skriv denne teksten, har bokmål nærast hjartet.

Mange mistar flyten og dei gode poenga, når dei må skrive på nynorsk

Ut ifrå eiga erfaring, og etter samtalar med medelevar etter fleire nynorskvurderingar, ser eg at mange mistar flyten og dei gode poenga, når dei må skrive på nynorsk. Fordi det kjennest som å skrive på eit anna språk, tek det så mykje fokus at det lett kan gå ut over innhaldet i oppgåva.
Det skal ikkje mykje til å mista seg sjølv i teksten, når annakvart ord må slåast opp i ordboka.
Er ikkje heile poenget med å skrive, at ein skal uttrykkje seg på ein måte som kjennest som si eiga stemme? Nynorsk kjennest ut som ein unødig og krunglete omveg til den stemmen.
Eit anna, men ofte oversett aspekt av språkdebatten, er at det allereie lenge har gått føre seg ei utfasing av sidemål.
Tal frå i dag viser ei skeiv fordeling mellom elevar som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen, kontra dei som har bokmål.
For å setje det i perspektiv, er det berre 11,2 % av alle grunnskuleelevar som har nynorsk som hovudmål, opp mot dei resterande 88,7 % som har bokmål, ifølgje Statistisk sentralbyrå (2024).
Desse tala gir ein peikepinn på kor mange bokmålselevar som må lære å skrive på ei målform som eit fåtal kjem til å bruke seinare i livet.
I motsetnad til dette er bokmål langt meir relevant for nynorskelevar, sidan dei må forhalda seg til det i kvardagen gjennom nyheiter, TV og generelt i tekstar og bøker. Med dette utgangspunktet har nynorskelevar allereie frå ung alder eit fortrinn når det gjeld å skrive på sidemål, noko som igjen kjem til å vise seg i karakterane seinare.

Eg undrar meg over kvifor vi som eit moderne og progressivt land, ikkje følgjer meir med i timen

Ifølge NRK sine eigne retningslinjer, har kringkastaren eit krav om minst 25 % nynorsk i sitt produserte innhald, ein regel som vart innført for over 50 år sidan. Den gong var det rundt dei same prosentane av norsk befolkning som skreiv nynorsk, men sidan den gong har tala stupt. Det betyr at krava er meir en dobbelt så høgt som andelen brukarar.
Eg undrar meg over kvifor vi som eit moderne og progressivt land, ikkje følgjer meir med i timen, og med det justerer oss etter dagens samfunns behov og ynskjer.
At karakteren i nynorsk tel like mykje som karakterane i dei faga vi har hatt sidan grunnskolen, synast eg også er merkeleg.
Er du ekstra uheldig kjem du opp i eksamen i sidemål, og vil få to karakterar i nynorsk.
For å kome med ei lita samanlikning; Det er som at vi skulle hatt to ulike vurderingar i gym; ein i fotball, den andre i tennis. Fotball har vi spelt kvar gymtime sidan 1. klasse. Dei fleste synest det er heilt greitt, nokon elskar det, andre toler det, men felles er at vi alle har god kjennskap til konseptet.
Så er det den andre sporten; tennis. Denne sporten har vi hatt berre den siste veka. Likevel får vi beskjed om at vurderinga i tennis, skal telje like mykje som vurderinga i fotball. Eg ser ikkje behov for å setje eit spørsmålsteikn bak denne setninga, for det burde vere opplagt for alle at dette ikkje gjev meining.
Eg kan forstå at det kan verke som ein pessimistisk og overdriven måte å leggje frem problemet på – og det er mogleg du tenkjer; «Det er jo likt for alle?». Men vi har jo allereie konstatert at det ikkje er tilfellet.

Bokmålselevar gjer det dårlegare i sidemål

Bokmålselevar gjer det dårlegare i sidemål.
Eit argument for å likestille skriftmål og krevje at alle må lære å skrive sidemål, er at vi i det offentlege rom skal kunne svare på eit brev, ei pressemelding eller liknande på same målform som det blei sendt ut på. I dag tek det kunstig intelligens fem sekund å omsetje eit eventuelt svar på bokmål, til perfekt nynorsk. Ville det ikkje vore meir pedagogisk hensiktsmessig å bruke tida på andre fag som er meir relevante for framtida, i staden for å bruke ho på terping av grammatikk?
Eg synest at vi som skal sitje att med kompetansen, burde bli høyrde i denne saka.
Ein mellomveg med nynorsk lesing i skulen, men utan krav om skriftleg produksjon, er ei god løysing. Dette tek omsyn til språkhistoria, samstundes som det ser framover og tolkar kompetansekrava i lys av vår eiga samtid. Slik kan vi sikre at alle elevar får eit forhold til nynorsk, utan at det vert ei unødig byrde som går ut over andre faglege prestasjonar.