Politikk og samfunn

«Slutt å forby klede!»

Fylkeskommunen skal ikkje opptre som klespoliti, men heller sikre ungdom ytringsrom og fridom. Eit forbod mot russegenserar med gruppenamn på er eit inngrep i elevane sin rett til å uttrykkje seg, skriv Julian Beck frå FpU.

Julian Beck (17)
1. vara Innlandet FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For litt over eitt år sidan vedtok alle partia (med unntak av nokre representantar) i Innlandet fylkeskommune, bortsett frå FrP, å forby russegenserar med namn på. No ser vi òg at fleire fylkeskommunar, som Telemark, gjer det same og forbyr russegenserar med namn på.

Grunngjevinga er ofte at kleda kan verke ekskluderande eller skape skilje mellom elevar. Men ærleg talt – skal verkeleg politikarar bestemme kva ungdom kan ha på seg på sine eigne skular?

Kva blir det neste

Russetida er ein tradisjon som har eksistert i generasjonar. Ho er ikkje perfekt, men ho er ein del av den norske ungdomskulturen. Å forby klede er ikkje å løyse problem, det er å late som om dei ikkje finst.

Dersom nokon kjenner seg utanfor, må vi møte det med inkludering – ikkje med forbod.

For meg er det eit farleg signal når fylkeskommunen byrjar å detaljstyre ungdommens garderobe. Kva blir det neste?

Skal vi forby merkeklede fordi nokon ikkje har råd? Skal vi forby fotballdrakter fordi ikkje alle heiar på same lag?

Fylkeskommunen skal sikre ytringsrom og fridom

Ungdom treng først og fremst fridom til å uttrykkje seg sjølve. Russegensarar er ikkje berre klede, dei er symbol på fellesskap, minne og overgangsmarkering.

Å ta det bort med eit enkelt vedtak er å ta frå ungdom moglegheita til å vise at dei kan ta ansvarlege val sjølve.

FrP er tydelege på kva vi meiner om dette:

Fylkeskommunen skal ikkje opptre som klespoliti, men heller sikre ungdom ytringsrom og fridom. Eit forbod mot russegenserar med gruppenamn på er eit inngrep i elevane sin rett til å uttrykkje seg. Skulen skal handle om læring og trivsel – ikkje om kva du kan ha på deg og ikkje. Utfordringar i russetida må løysast gjennom elevdemokrati og dialog, ikkje gjennom forbod.

Så slutt å forby klede! Ungdom fortener tillit, ikkje peikefingrar på kva dei kan ha på seg og ikkje.

Og la skulen fokusere på det som verkeleg tel, nemleg: kunnskap, meistring og fellesskap.