Slik unngår du å verte lurt av falske nettbutikkar og telefonsvindel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Netthandel har vore aukande i fleire år og blitt styrkt av pandemien då kundar handla over nett medan butikkane var stengde.

I takt med auken i netthandel aukar også svindelforsøka.

Svindelmetodane utviklar seg i tråd med teknologien, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet. Foto: Forbrukarrådet

Thomas Iversen, forbrukarjurist i Forbrukarrådet, fortel at dei kvart år får om lag 10.000 spørsmål om netthandel der dei rettleier forbrukarane om kva dei skal gjere.

I 2020 auka dette til over 12.000 spørsmål, mykje på grunn av den underliggjande auken i netthandel som pandemien førte med seg.

Teikn på falske nettsider

Iversen fortel at det har vore ein jamn straum av falske nettbutikkar over fleire år, men at det var enklare å avdekkje dei tidlegare.

Då var språket dårleg omsett frå eit anna språk, som gjennom Google Translate, nettsidene såg mindre profesjonelle ut, og dei hadde unormalt billege produkt til sals.

– Ein var oftare uerfaren om ein gjekk i fella då. No ser falske nettbutikkar meir ordentlege ut og ein må jobbe hardare for å avdekkje dei, seier Iversen til Nynorsk pressekontor.

Han seier at ein skal sjå etter dette om ein har mistanke om ei falsk nettside:

  • Organisasjonsnummer
  • Kontaktinformasjon for bedrifta
  • Kundeservice på nettsida
  • Tilhaldsstad for bedrifta

– Om ein ikkje finn dette på nettsida, bør varsellampane lyse og ein bør finne seg ei anna nettside å handle frå, seier han.

Han ber òg forbrukarar vere på vakt mot dårleg språk og dersom det til kvar tid er produkt til rabatt som er betydeleg billegare enn hos andre nettstader.

– Orda vil ofte vere riktig stava, men setningane kan ha ein ordstilling som tyder på at dei er omsette av eit program frå eit anna språk.

– Uvanleg store rabattar, eller produkt som alltid er mykje billegare enn tilsvarande produkt andre stadar, må ein vere skeptisk til. For å ha rabatt må ein nettstad ha eit produkt ute til vanleg pris ei stund først.

Dei store teknologiselskapa haustar data om oss i store mengder. Men det er blitt enklare å sjå dei i korta. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Når skaden har skjedd

Har ein blitt svindla på nettet, kan kortet du betalte med bli redninga.

– Såkalla kortreklamasjon gir deg rett til å kontakte banken din og krevje pengane tilbake om seljaren bryt lovnadane sine eller har svindla deg, seier Iversen.

Netthandel vil halde fram å auke. Trenden var der lenge før koronapandemien, og har blitt styrkt av dei to åra då butikkane var stengde og ein måtte bruke nettet for å få kjøpt og søkt opp det ein ville ha.

Iversen fortel at auke i netthandel og auke i svindel går saman.

– Svindelmetodane utviklar seg i tråd med teknologien. Når fleire handlar på nett, vil det vere meir pengar å hente for svindlarane.

Noreg mest utsett

Noreg er det nordiske landet som er mest utsett for telefonsvindel, viser tal frå Telia. Svindelekspert Øyvind Kristiansen i telefonselskapet fortel at det har vore ein auke i svindelforsøk i Noreg. Dei siste åra har det òg vore meir fokus på å svindle kundane enn selskapet.

Spesielt åtvarar Kristiansen kundane mot «Wangiri» og Microsoft-svindel.

– «Wangiri» er japansk og betyr «eitt ring og kutt», som er når nokon ringjer deg, men legg på etter eitt ring. Når du ringjer tilbake, blir du fakturert for det.

Telia har opplevd fleire tilfelle av dette tilbake til 2016. I 2017 fekk dei på plass eit system som blokkerte «wangiri»-telefonar og har sidan det blokkert over 83 millionar av dei.

Meir utspekulerte

Ei meir utspekulert form for svindel er det når nokon ringjer deg for å få deg til å gi frå deg privat eller personleg informasjon ved å late som dei er nokon andre.

– Nokon ringjer deg og gir seg ut for å vere frå Microsoft, politiet eller banken din med beskjed om at dei treng personleg informasjon om deg til noko. Dette har blitt meir målretta mot kundane dei siste åra, seier Kristiansen.

– No skjer det også at dei ringjer og oppgir at dei er frå politiet. Så ringjer dei opp igjen seinare og seier dei er frå banken og stadfestar det politiet har sagt for å få deg til å gi frå deg informasjon dei kan utnytte.

Kristiansen fortel at dei samarbeider med bankane for å få ein slutt på dette. Han seier likevel at det beste kundane kan gjere sjølve er å vere varsame og ikkje gi frå seg privat informasjon.


– Det kan vere eg har ualminneleg dårleg viljestyrke, men når eg går inn på Instagram vert eg ofte på Instagram til det er noko anna overhengande eg må gjere, fortel Line Horgen Thorstad.