Noreg vil gi mellombels vern til ukrainarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det betyr at menneske som flyktar frå Ukraina, slepp ei tidkrevjande behandling, og dei kan få raskare hjelp når dei kjem til Noreg og skal få vern her, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse saman med justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) fredag kveld.

– I over ei veke har ukrainarar lagt på flukt. Framover vil vi sjå endå fleire leggje på flukt. Over ein million har flykta allereie. FNs høgkommissær for flyktningar fryktar at det blir fleire millionar ukrainske flyktningar, innleidde Støre på pressekonferansen.

– Vi kan stå overfor den mest alvorlege humanitære krisa i Europa sidan andre verdskrigen, sa han.

Mange vil få ein ny ukrainsk nabo

– Situasjonen kan bli krevjande, og regjeringa vil stille opp. Det er mange som vil få ein ny ukrainsk nabo. Dette er ein kvardag vi skal klare saman, sa justisministeren på pressekonferansen.

Utlendingslova opnar for å gi mellombels opphaldsløyve på eitt år, og denne kan forlengjast i inntil tre år. Deretter kan det bli gitt eit mellombels opphaldsløyve som kan danne grunnlag for permanent opphaldsløyve. Regjeringa vedtek når tilgang til kollektivt vern skal avviklast.

– Det er ei ordning vi kan bruke når mange flyktar samtidig. Ordninga er effektiv, både for dei som treng hjelp, og for dei som skal gi hjelpe. Det gjer at vi kan hjelpe mange raskt, sa Enger Mehl.

Noreg har venta på prosessen i EU. Torsdag vart innanriksministrane i unionen samde om å ta i bruk massefluktdirektivet, som liknar den norske ordninga.

Statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl under eit pressetreff om situasjonen i Ukraina. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Mange på flukt

Sidan Russlands invasjon byrja 24. februar, har meir enn 1,2 million menneske flykta frå Ukraina til nabolanda, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar. Det blir anslått at ein halv million er barn og unge.

Byråsjef Filippo Grandi har varsla at vi står overfor den største flyktningkrisa i Europa sidan Balkan-krigane på 1990-talet.

På Stortinget har ein nesten samla opposisjon gått inn for at regjeringa må ta i bruk moglegheita til å la ukrainarar få vern utan individuell vurdering, slik paragraf 34 i utlendingslova opnar for. Målet er å sørgje for rask og effektiv hjelp i ein ekstraordinær situasjon.

Frp har formulert standpunktet sitt som støtte til at flyktningane får mellombels opphalds- og arbeidsløyve.


Afrikanarar i Ukraina ventar på plattforma på Lviv jernbanestasjon, sundag 27.02.22. (Foto: AP Photo/Bernat Armangue, File)