Universitet vurderer å gi ukrainske utvekslingsstudentar fast studieplass
Fleire universitet i Noreg ser no på moglegheita for å tilby ukrainske utvekslingsstudentar permanent studieopphald slik at dei kan få fullført utdanninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eitt av universiteta som undersøkjer moglegheita for permanent studieopphald, er Universitetet i Bergen (UiB).
Til Bergens Tidende (BT) opplyser UiB-rektor Margareth Hagen at det gjeld åtte ukrainske utvekslingsstudentar ved universitetet.
Direktør for organisasjon og infrastruktur Bjørn Haugstad ved NTNU opplyser til BT at dei har seks ukrainske studentar hos seg. Ved Universitetet i Tromsø er det 13 ukrainske studentar, opplyser prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås. Begge stadfestar at permanent studieopphald er noko som blir diskutert med Kunnskapsdepartementet.
I ein e-post til avisa skriv forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) at dei vil prøve å finne løysingar på utfordringane til studentane.
– Først og fremst er det viktig for oss å få eit best mogleg bilete av kva desse utfordringane går ut på heilt konkret, og deretter vil vi i samråd med andre departement sjå på kva handlingsalternativ vi har, opplyser han.
- Les også: Ukraina: Sju dagar av krigen i bilete