Familiar med små barn og kjæledyr på veg til fots over grensa frå Ukraina. Det var synet som møtte utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i Polen.
NPK-NTB-Johan Falnes
NPK-NTB-Johan Falnes

– Det er hjarteskjerande, seier Huitfeldt til NTB.

Utanriksministeren besøkte onsdag grenseovergangen ved Dorohusk søraust i Polen, der krigsflyktningar frå Ukraina no strøymer inn i landet – mange av dei til fots med trillekoffertar og kjæledyr, i temperaturar på rundt null grader og med snø i lufta.

– Eg har sett lange køar med ungar med skulesekkar som ikkje er fylte med bøker, men med bamsar og ting dei må ha med seg heimanfrå.

– Og så er det nesten ingen menn og nesten ingen unge gutar, for dei er igjen på den andre sida. Det er veldig sterkt, seier Huitfeldt.

Vil hjelpe målretta

Utanriksministeren fortel at ho har sett mange flyktningleirar i sitt liv, men at ho aldri før har sett menneske på flukt gå over sjølve grensa.

– Det fortel noko om råskapen til denne krigen, seier ho.

– Slike flyktningstraumar i Europa, så nær Noreg, det er det veldig lenge sidan vi har sett.

Seinare onsdag skal Huitfeldt møte Polens utanriksminister Zbigniew Rau i hovudstaden Warszawa. Der vil temaet vere kva Noreg kan gjere for å hjelpe.

Huitfeldt er oppteken av å treffe godt på det Polen treng.

– Når det er store humanitære kriser, er det mange land som sender ting, og nokon sender òg overskotslagera sine. Det kan vi òg gjere viss det trengst. Men vi skal sende pengar, slik at hjelpeorganisasjonar kan kjøpe ting på den polske marknaden, seier Huitfeldt.

Ho understrekar at det å bidra til innkjøp lokalt i Polen òg er meint å gi ei handsrekking til den polske befolkninga, som no gjer mykje for å hjelpe dei ukrainske flyktningane.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Anniken Huitfeldt (@annikenhuitfeldt)

Emosjonelt for hjelpearbeidarane

Under besøket i Dorohusk var Huitfeldt òg på det lokale mottakssenteret. Der fekk ho snakke med både flyktningar og hjelpearbeidarar.

Då ho snakka med Natasza Bogacz frå Caritas, tvinga tårene seg fram.

– Eg græt fleire gonger om dagen. Ein må få det ut og snakke med nokon, seier Bogacz til NTB.

Ho bur i Oslo og jobbar til vanleg med integrering av polakkar i Noreg, som prosjektrådgivar i Caritas Noreg. Men no er det i Polen hjelpa hennar trengst mest.

– Eg kom tysdag i førre. No skal eg bli så lenge eg klarer, fysisk og psykisk, seier Bogacz.

Ho beskriv Caritas som ein familie.

– Vi jobbar saman, et saman, bur saman. Det er veldig god støtte.

Dorohusk i Polen og grensa til Ukraina.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Millionar på flukt

Ifølgje FN har meir enn 2 millionar ukrainarar flykta frå landet på mindre enn to veker.

I tillegg er 1 million internt fordrivne i Ukraina.

Polen har teke imot over 1,2 millionar av flyktningane. Dei siste dagane har meir enn 100.000 ukrainarar kryssa grensa til Polen kvar dag, viser tal frå det polske innanriksdepartementet.

Berre til mottakssenteret i Dorohusk kjem det i snitt 600 per dag, ifølgje ordførar Wojciech Sawa.

FNs anslag er at talet på flyktningar vil auke til 4 millionar dei næraste månadene.

Kor mange av dei som vil komme til Noreg, er usikkert. Huitfeldt meiner det er for tidleg å prøve å talfeste det.

– Men vi må førebu oss på å ta imot flyktningar. Vi må førebu oss på at matvareprisane og energiprisane kan auke. Vi må førebu oss på å ta endå meir vare på vår eigen tryggleik. Og vi må førebu oss på å stille opp for det ukrainske folket, seier ho.

Kollasj: Framtida.no. Illustrasjonsfoto: Daniel Klein/Unsplash. Foto:Thomas Kjøndal/Stig Brødnbo/UIT
Oppdatert: onsdag 9. mars 2022 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE