Stor auke i bruken av antidepressiv blant unge
Det har vore ein kraftig auke i bruken av antidepressiv blant unge frå 2019 til 2021, varslar Apotekforeningen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målt i prosent er auken størst i aldersgruppa 15–19 år, med ein auke på 30 prosent. Det er godt over 8.000 tenåringar i denne aldersgruppa som bruker slike legemiddel.
Auken er størst i aldersgruppa 30–34 år målte i reine døgndosar. For denne gruppa er auken 19 prosent frå 2019 til 2021.
Fagdirektør Hanne Andresen i Apotekerforeningen seier det ikkje er mogleg å slå fast at auken heng saman med pandemien.
– Men eg synest det er naturleg å setje spørsmålsteikn ved auken. Det er opplagt noko forskarar og helsestyresmakter bør vere opptekne av å følgje opp, seier Andresen.
Bruken av antidepressiv er vesentleg større i dei eldre aldersgruppene. Der har veksten vore på eit par prosent, medan han for alle under 40 år har vore på over 10 prosent dei siste to åra.
- Les også meiningsinnlegget til Liv (15): «Kvifor er det så forskjell på ein fysisk og ein psykisk klump i brystet?»