Hadia Tajik går av som statsråd

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hadia Tajik går av som arbeids- og inkluderingsminister i kjølvatnet av pendlarbustadsaka, men held fram som Ap-nestleiar.

Tajik informerte på ein pressekonferanse onsdag at ho sjølv har bede statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om å få gå av.

– Eg er lei meg for at det eg har gjort feil, og har skuffa mange. Det ber eg om tilgiving for. Eg beklagar at eg ikkje handterte dette betre før. Det er min feil, seier Tajik.

Ho påpeikar at den øvste sjefen i Arbeidsdepartementet er avhengig av tillit.

– Det er mange andre som kan vere arbeidsminister. Det er Arbeidarpartiets politikk som er det viktigaste, seier Tajik.

Pendlerbustad-sak

VG avslørte sist søndag korleis Ap-nestleiar og arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) fekk tildelt skattefri pendlarbustad i 2006 til 2010 basert på ein leigekontrakt ho aldri nytta.

Tajik har i ettertid vore tydeleg på at ho var pendlar og hadde krav på skattefri pendlarbustad. Ho har opplyst at ho hadde utgifter til barndomsheimen i Rogaland.

Fleire politikarar har kravd at Tajik gjer grundigare greie for saka. Frp-leiar Sylvi Listhaug har mellom anna sendt henne 20 spørsmål som ho vil ha svar på.

Tajik har teke sjølvkritikk og sagt at ho hadde «fullstendig feilvurdert» saka. Ho har òg sagt at ho skal betale tilbake den eventuelle skattefordelen ho har fått.

Avviser lovbrot

Tajik sa ho tok dette valet fordi pendlarbustadsaka frå 2006–2010 hadde byrja å overskyggje det viktige arbeidet ho meiner regjeringa og Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer.

– Nettopp fordi det arbeidet er så avgjerande, vil eg ikkje tillate at feil som eg gjorde for 15 år sidan skal stå i vegen for dette arbeidet eller det arbeidet regjeringa gjer i og for seg, sa Tajik.

Ho trur ikkje ho har brote lova i samband med pendlarbustad-saka.

– Nei, det trur eg ikkje, svarte Tajik på spørsmål om ho har brote lova, medan ho svarte kontant nei på spørsmålet om kontraktsforfalsking.

– Alt eg har gjort har eg gjort med dei beste intensjonane, men eg har handtert det for dårleg og det må eg ta ansvaret for, seier Tajik.

– Rett å gå av

Raudts Mimir Kristjansson meiner det er rett av Tajik å gå av. Det er nettopp det at Tajik er arbeidsminister med ansvar for Nav, som handterer strenge regelverk, som gjer at saka har vorte ekstra alvorleg, seier Kristjansson til TV 2.

– Dette er del av ein mykje større ukultur og det er avgjerande at vi får rydda opp i det. Problemet i denne saka er eigentleg ikkje det Hadia Tajik gjorde som 23 år gammal rådgivar, men det ho har gjort som statsråd ved å bortforklare og tåkeleggje, seier Kristjansson.

Fellesforbund-leiar Jørn Eggum, ein av dei tre LO-toppane som måndag gjekk ut i VG og kritiserte Tajik, seier han har respekt for avgjerda hennar om å gå av. Han seier denne og fleire andre saker må utløyse ei kraftfull opprydding.

– Vi har frå LO og Fellesforbundets side reagert på denne saka på grunn av alvoret i saka. For oss var det avgjerande at ikkje sentrale spørsmål vart hengjande i lufta, og vi ønskte derfor ei grundigare forklaring, seier han til VG.

Motivert for å halde fram

Tajik seier ho hadde ein god samtale med Støre i forkant av pressekonferansen. Ho ser førebels ikkje bort frå at ho kan komme tilbake til regjeringa.

– Det er statsministeren som til sjuande og sist set saman regjeringa, sa ho på spørsmål om ho var aktuell for ein ny statsrådspost.

Ho understreka at ho er motivert til å halde fram i alle roller partiet måtte ønskje å gi henne.

– Eg er veldig motivert for å stå på og framleis vere ein del av Aps lag, på Stortinget, som nestleiar og som representant for Rogaland, sa Tajik.

Ap-leiar og statsminister Jonas Gahr Støre har varsla ein pressekonferanse klokka 17 onsdag.


Til venstre er 18 år gamle Hadia Tajik fotografert til bokdebuten i 2001. Til høgre er årets portrett frå Tiden Forlag. Foto: Tone Gregersen og Pål Laukli, Tiden Forlag