Undersøking: 8 av 10 ungdommar med samansette behov lite tilfreds med livet
8 av 10 ungdommar med såkalla samansette behov, svarer at dei i lita grad er tilfreds med livet, ifølgje ei ny undersøking frå Helsedirektoratet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til samanlikning opplever 2 av 10 ungdommar i befolkninga generelt at dei har låg livskvalitet, ifølgje Ungdata-undersøkinga.
– Resultata er urovekkjande. Det må setjast i verk tiltak for å leggje til rette kvardagen for ungdommane som opplever å ha det så vanskeleg, seier avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i Helsedirektoratet.
Færre treffer venner
Både ungdommar med samansette behov, og deira føresette, har vorte spurt i undersøkinga, som er gjennomført i samarbeid med Statped, Nav, direktoratet for e-helse, Flekkefjord kommune og KS.
I denne gruppa er mellom anna ungdommar med fysiske eller psykiske helseutfordringar, eller med vedvarande utfordringar på grunn av nedsett evne til læring.
Undersøkinga viser at barn med nedsett funksjonsevne har mindre samvær med jamaldra enn andre barn. Berre 24 prosent av ungdomsrespondentane treffer vennene sine vekevis, mot 71 prosent i Ungdata-undersøkinga.
Mykje tid
Dei føresette som er spurt i undersøkinga, seier i snitt at dei bruker 19 timar i veka på «administrative» oppgåver knytt til oppfølging av barna sine med funksjonsnedsetjingar. Dette svarer omtrent til ein 60 prosent stilling rekna om til årleg tidsbruk.
I perioden rett etter at barnet fekk diagnosen, brukte føresette i gjennomsnitt 22 timar på å leite etter informasjon, kartleggje rettar osb., skriv Helsedirektoratet i gjennomgangen sin av undersøkinga.
Foreldre til alvorleg sjuke barn opplever òg i mindre grad enn andre å kunne bruke tid på trening, kino, teater, kunstutstillingar, klubb, foreiningar, organisasjonar eller å omgåast venner utover eigen familie.
– Samanlikna med resten av befolkninga har foreldre til alvorleg sjuke barn dessutan større utfordringar med å få pengane til å strekke til i det daglege, skriv Helsedirektoratet.
Vanskeleg å finne ungdommar
Totalt har 421 foreldre og føresette svart på undersøkinga, medan 113 ungdommar svarte, og 95 var i målgruppa.
– Det har dessverre vore krevjande å skaffe mange ungdomsrespondentar. Vi er merksame på at det er samla inn eit avgrensa tal svar i analysane, skriv direktoratet.
Resultata frå undersøkinga har likevel vorte samanlikna med andre undersøkingar som rettar seg mot same tema, og har vist seg å samsvare godt med desse.