Australske brannar skapar sitt eige brannfarlege vêr

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har brunne i Australia sidan september, som er starten på sommaren «down under». Brannane har teke over 20 liv, øydelagt over 60.000 kvadratkilometer landområde og meir enn 900 heimar.

Røyken har gjort lufta heilt oransje. Å puste i Sydney er no like ille som å røyka 37 sigarettar, og det er over 40 varmegrader i alle delstatane i landet.

Illustrasjon av sentrum i ein eldstorm. Foto: WIKIMEDIA COMMONS

Australia har eit tørt klima, og er eit av dei mest utsette landa for eldstormar. Australia har nemleg mykje eukalyptus i skogane, som skiller ut svært brennbare oljer og gassar.

Eldstormar vert skapte når brannane er svært store, slik dei er no. Energien i massive brannar skapar eit eige vind-/stormsystem. Når den varme lufta stig, strøymer kaldare luft til bakken for å erstatta den stigande lufta. Det gjer at brannstormen vert halde i live, ved å heile tida få ny oksygen.

Eige vêrsystem med fare for lynnedsslag

Men det er no blitt ekstra ille. Ekstremt store eldstormar og brannar, som dei i Australia, kan til og med laga sitt eige vêrsystem.

Seinast laurdag 4. januar melde brannkorpset i New South Wales (RFS) på Twitter at ein tore-storm har forma seg av brannane over Currowan-brannen, ved kysten utanfor Canberra.

– Dette er ein veldig farleg situasjon. Følg med på tilhøva rundt deg og gjer det som trengst, skreiv dei. 

Ved svært høg varme kan nemleg brannen laga ein lokal oppvind, som igjen endrar atmosfæren over. Varmen kan stiga 12-15 kilometer eller meir oppover, og di høgare røyken stig, di kaldare blir den.

Då blir ei stor, fluffy sky skapt. Med store spenningar i skya kan ein få det som heiter pyro-cumulonimbussky, eller brannskyer.

Illustrasjon: Ingvild E. Leirfall

Ei brannsky kan påverka brannen på fleire måtar:

  • Den gir ofte sterke vindkast (turbulens), som kan spreie brannen.
  • Den kan gi torevêr, med lynnedslag som kan laga nye brannar.
  • Den kan gi nedbør, men oftast i små mengder, og den intense varmen gjer ofte at nedbøren fordampar før den når bakken.

Brannskyene kan kasta glør mange titals kilometer vekk frå brannen, laga lynnedslag 100 kilometer frå brannen og skapa store, svarte hagl. Vindane frå skya kan også spreie glør, og dei vert spreidd heilt uføreseieleg.

Ei brannsky minnar veldig om vanlege tore-skyer, som ein ofte ser på varme sommardagar i Noreg. Forskjellen er at varmen som stig kjem frå brann, ikkje ein varm bakke.

Her er ein timelapse av ei brannsky som blir skapt under Sedgerly-brannane i Queensland, Australia i 2016:

Energi som 1500 atmombomber

I februar/mars 2009 vart Australia råka av ei rekkje brannar som vart kalla The Black Saturday. Flammane var då på over 100 meter, med temperaturar opp mot 1200 grader.

– Energien frå brannane var tilsvarande meir enn 1500 atombomber på storleik med den brukt i Hiroshima. Men skogbrannar slepper ut energien i ein storm, ikkje i ein eksplosjon, sa brannforskar Kevin Tolhurst etter brannane i 2009.

I mange år vart dette bilete av Hiroshima, mistolka som skya frå atombomba. Men sidan den er så høg, vart den i 2016 identifisert som ei pyrocumulonimbus-sky som låg over byen etter brannen som nådde sine høgder tre timar etter bombeekplosjonen. Foto: US Military

I sjeldne tilfelle kan også brannstormar føra til branntornadoar, der temperaturen kan bli over tusen grader.

Det skapar ekstremt sterk vind som kan endevenda bilar, rive opp tre og kasta dei fleire kilometer vekk. Brannstormane skapar også heilt uføreseielege vindkast, som gjer det nesten umogleg å føreseie korleis brannane vil spreie seg.

– Klimaendringane gjer det verre

Klimaspesialist Jeff Berardelli sa førre veke til CBS at klimendringane er bakteppe for krisesituasjonen i Australia no.

– Når du har eit naturleg mønster som skapar ekstrem brannfare, gjer klimaendringane det større og verre, noko som gjer ekstrem brannfare om til katastrofal brannfare.

Han meiner det vil bli verre.

– Plassar som har mykje regn, vil få meir regn. Plassar der det er tørt, som i Australia, vil halda fram og bli tørrare og tørrare. Det vil bli verre.

Ein død kenguru på Sarsfield, i Victoria, tysdag 31. desember 2019. I fleire månadar har skogbrannar herja dei to største delstatane i Australia. Brannane har teke både menneske- og dyreliv. (Foto: James Ross/AAP Images via AP)